Dandy in the Underworld
Dandy in the Underworld Studioalbum av T. Rex | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. mars 1977 | |
Innspelt | Mai 1976; august 1976 | |
Studio | MRI i Los Angeles; Decibel, AIR og Trident i London | |
Sjanger | Rock, rockabilly | |
Lengd | 37:52 | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Marc Bolan | |
T. Rex-kronologi | ||
---|---|---|
Futuristic Dragon (1976) |
Dandy in the Underworld |
|
Singlar frå Dandy in the Underworld | ||
|
Dandy in the Underworld er det trettande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet T. Rex. Det kom ut 11. mars 1977 på EMI. Albumet nådde 26. plassen på albumlista i Storbritannia, som var den høgaste plasseringa deira der sidan Zinc Alloy i 1974. Den første singelen, «I Love to Boogie», hadde vore ein hit i Storbritannia året før og nådde 13. plassen på singellista.
Dandy in the Underworld vart av kritikarane rekna som eit comeback for bandet. Det vart rost for den sterke låtskrivinga og synginga til Bolan. Men det skulle vise seg å bli det siste albumet deira, då Marc Bolan omkom i ei bilulukke i september 1977, 29 år gammal. I 2006 vart eit album med alternative versjonar og tidlegare ikkje-utgjevne spor kalla Final Cuts gjeven ut.
Bakgrunn og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Då albumet kom ut var Marc Bolan og T. Rex på ein britisk turné, med The Damned som oppvarmingsband.
Innspelingane for albumet hadde byrja i mai 1976 i Decibel Studios London, med innspelinga av «I Love To Boogie», i lag med Steve Currie (bass), Davey Lutton (trommer) og Dino Dines (piano). Seinare innspelingar fann stad i MRI Studios i Los Angeles, og heldt fram i Decibel Studios, AIR Studios og Trident Studios i London.
Sporet «Visions of Domino» var ei nyinnspeling av ein tidlegare ikkje-utgjeven song, «Funky London Childhood», med ein heilt omskriven tekst.
Musikk
[endre | endre wikiteksten]Biografiforfattaren Mark Paytress skreiv at «plastikk-soul»-stilen frå dei tidlegare albuma deira var borte. Bolan hadde gått attende til den tidlegare rockestilen sin og produksjonsstilen hans var meir direkte..[1]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Dandy in the Underworld kom ut 11. mars 1977 og vart lansert på den leiande punkrock-spelestaden i London, The Roxy.
Tittelsporet kom ut på singel i ein nymiksa og nyinnspelt versjon der tekstlinja «Exalted companion of cocaine nights» vart endra til «T. Rex nights». «Crimson Moon» vart òg gjeven ut på singel same året, i tillegg til songen «Celebrate Summer», som ikkje var med på albumet, i august.
Dandy in the Underworld vart ommastra for CD av Edsel Records i 1994 og kom ut med fleire bonusspor. Ei tilhøyrande plate, kalla Prince of Players (The Alternate Dandy in the Underworld), kom i 1998 med alternative versjonar og uferdige studiomiksar. Desse to platene kom ut i lag i 2002.
Eit album med tidlegare ikkje-utgjevne spor og alternative versjonar av songane frå innspelinga som produserte album kom ut i 2006 som «Final Cuts». Dei fleste av desse spora vart spelte inn i AIR Studios Oxford Street, i tillegg til fire spor frå Decibel Studios i Stamford Hill i april 1977 etter utgjevinga av Dandy in the Underworld . Sju av dei tolv songane på «Final Cuts» var ikkje gjevne ut medan Bolan levde. Det inneheld ein alternativ versjon av den siste T.Rex-singelen 'Celebrate Summer', i tillegg til 'Mellow Love', 'Write Me A Song', 'Hot George', 'Shy Boy', 'Foxy Boy', 'Love Drunk' og '20th Century Baby'.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Pitchfork | 7.9/10[3] |
Dandy in the Underworld fekk stort sett positiv kritikk då det kom ut, og betre kritikk enn noko anna T. Rex-album dei siste fem åra. NME, som tidlegare hadde vore blant dei mest negative, skreiv at albumet var «særs lyttbart, godt arrangert og ulasteleg framført.»
I ei seinare melding skreiv AllMusic at albumet var «fullpakka med solid og kraftful pop». Meldaren skreiv om «revitalisert energi» og hevda det var «den beste plata» Bolan hadde gjeve ut på fleire år.[2] Pitchfork likte albumet og sa at det «finn ein gjenoppliva Bolan som skapar somme av dei beste musikalske knaggane sine og dei mest fengande songane sine på fleire år». Skribenten Stephen M. Deusner sa at songane var godt balanserte: «Den kosmiske 'Crimson Moon', den uimotståelege 'I'm a Fool for You Girl og meisterverket på albumet, 'Jason B. Sad', vekslar mellom urolaus og forsiktig, og skapar ei tyngde som er ei motvekt til den livlege, nedstrippa rytmen.»[3]
Tittelsporet vart mykje nytta i BBC-serien The Pursuit of Love, i episode ein av den første sesongen, som vart sendt i 2021.[4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Marc Bolan, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dandy in the Underworld» | 4:33 |
2. | «Crimson Moon» | 3:22 |
3. | «Universe» | 2:43 |
4. | «I'm a Fool for You Girl» | 2:16 |
5. | «I Love to Boogie» | 2:14 |
6. | «Visions of Domino» | 2:23 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Jason B. Sad» | 3:22 |
2. | «Groove a Little» | 3:24 |
3. | «The Soul of My Suit» | 2:37 |
4. | «Hang-Ups» | 3:28 |
5. | «Pain and Love» | 3:41 |
6. | «Teen Riot Structure» | 3:33 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «To Know You Is to Love You» (Phil Spector) | 2:43 |
14. | «City Port» | 2:41 |
15. | «Dandy in the Underworld» (singelversjon) | 3:49 |
16. | «Tame My Tiger» | 2:30 |
17. | «Celebrate Summer» | 2:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dandy in the Underworld (Live)» | 3:58 |
2. | «Crimson Moon» | 3:10 |
3. | «I'm a Fool for You Girl» | 2:17 |
4. | «I Love to Boogie» | 2:11 |
5. | «Funky London Childhood» | 2:29 |
6. | «Jason B. Sad» | 3:26 |
7. | «Groove a Little (Live)» | 3:25 |
8. | «The Soul of My Suit» | 4:16 |
9. | «Hang Ups (Live)» | 4:59 |
10. | «Pain and Love» | 3:49 |
11. | «Teen Riot Structure» | 3:38 |
12. | «To Know You Is to Love You» | 3:41 |
13. | «City Port (1973)» | 2:55 |
14. | «Tame My Tiger» | 2:46 |
15. | «Celebrate Summer» | 2:20 |
16. | «I Love to Boogie» | 2:05 |
17. | «Soul of My Suit» | 2:41 |
18. | «Pain and Love» | 1:31 |
19. | «Teen Riot Structure» | 2:42 |
20. | «Celebrate Summer» | 2:49 |
21. | «Weird Strings» | 5:33 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Marc Bolan – vokal, gitar, bassgitar, perkusjon, maracas, tamburin
- Steve Harley – korvokal
- Alfalpha – korvokal
- Nick Laird-Clowes – korvokal
- Andy Harley – korvokal
- Sam Harley – korvokal
- Gloria Jones – korvokal
- Colin Jacas – korvokal
- Dino Dines – klaverinstrument
- Tony Newman – trommer
- Herbie Flowers – bassgitar
- Scott Edwards – bassgitar
- Paul Humphrey – trommer
- Miller Anderson – gitar
- Steve Currie – bassgitar
- Davy Lutton – trommer
- Bernie Casey - korvokal på spor 9
- Chris Mercer – saksofon
- Bud Beadle – saksofon, fløyte
- J.B. Long – fiolin
- Jennifer Maidman - lydteknikar Decibel studio
- Mike Stavrou - lydteknikar AIR Studios
- Jon Walls - lydteknikar AIR Studios
- Mick O'Halloran - Turnemanager
- Cliff Wright - gitarteknikar
- Produsert av Marc Bolan
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dandy in the Underworld» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Paytress, Mark. Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. Omnibus Press. 2003.
- ↑ 2,0 2,1 Thompson, Dave. «Dandy in the Underworld – T. Rex». AllMusic. Henta 16. juli 2021.
- ↑ 3,0 3,1 Deusner, Stephen M. (5. januar 2006). «T. Rex: The Slider / Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow / Dandy in the Underworld / The T. Rex Wax Co. Singles: A's and B's 1972–77». Pitchfork. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Wolf, Matt (10. mai 2021). «The Pursuit of Love, BBC One review - extravagantly entertaining». theartsdesk.com. Henta 16. juli 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Dandy in the Underworld på Discogs (liste over utgjevingar)