Inger
Utsjånad
Inger er eit kvinnenamn med nordisk opphav. Det viser opphavleg til guden Ing, og er truleg avleia av Ingjerd eller Ingrid.
Namnedagen til Inger er 26. februar, i Sverige 9. oktober.
Bruk av namnet
[endre | endre wikiteksten]Inger var lite vanleg i Noreg før 1900, men bruken voks og nådde ein topp i 1940-åra. Sidan avtok bruken igjen, og talet på jentebarn som får namnet Inger er no under 1880-nivået.
I 2004 var det 35 644 kvinner i Noreg med Inger som førenamn, i 2005 hadde talet sokke til 35 300. I 2003 var det om lag 80 000 personar i Sverige med Inger som førenamn og av dei om lag 44 000 som hadde det som tiltalenamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Inger Ottesdotter Rømer (ca. 1475-1555), kjend som Fru Inger til Østrått
- Inger Hagerup (1905-1985), norsk forfattar
- Inger Louise Valle (1921-2006), norsk jurist og politikar (Ap)
- Inger Jacobsen (1923-1996), norsk songar og Eurovision-deltakar
- Inger Koppernæs (1928-1990), norsk politikar og statsråd (H)
- Inger Sitter (1929-2015), norsk målar
- Inger Marie Andersen (1930-1995), norsk skodespelar
- Inger Bjørnbakken (f. 1933), norsk alpinist
- Inger Christensen (1935-2009), dansk forfattar
- Inger Teien (f. 1937), norsk skodespelar
- Inger Alfvén (f. 1940), svensk forfattar
- Inger Aufles (f. 1941), norsk langrennsløpar
- Inger Davidsson (f. 1944), svensk partisekretær hjå Kristdemokraterna
- Inger Lise Rypdal (f. 1949), norsk musikar
- Inger Elisabeth Hansen (f. 1950), norsk forfattar og omsetjar
- Inger Løite (f. 1958), norsk politikar (Ap)
- Inger Helene Nybråten (f. 1960), norsk langrennsløpar
- Inger Blikra (f. 1961), norsk styrkelyftar
- Inger Jørstad (f. 1975), norsk sametingsrepresentant
- Inger Bråtveit (f. 1978), norsk forfattar og journalist
- Inger Karoline Gaup (f. 1995), norsk-samisk songar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Internasjonal namnestatistikk for Inger på behindthename.com
- Søk etter norsk namnestatistikk for Inger hjå Statistisk Sentralbyrå
- engelsk definisjon av Inger hjå Hyperdictionary