Hopp til innhald

Huldreblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huldreblom

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Epipogium
Art: E. aphyllum
Vitskapleg namn
Epipogium aphyllum
Sw.
Økologi
Habitat: gammalskog
Utbreiing: Eurasia

Huldreblom (Epipogium aphyllum) er ei plantehuldreblomslekta Epipogiumorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Huldreblom blir kring 20 centimeter høg. Planta har store, gulhvite blomar med rosa teikninger. Huldreblom har ikkje klorofyll, og tek opp næring ved å snylte på andre planter. Han blømer ikkje årvisst, og det er spunne myter kring denne blomen som kan dukke opp og forsvinne att.

Arten er nær knytt til fuktige område i gammalskog, og mange veksestader er øydelagde av moderne hogst. Huldreblom finst på spreidde stader kring i landet, gjerne på ulendte stader der hogst ikke er lønsamt.[3] Huldreblom er totalfreda i Noreg[4] og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[5]

Arten finst òg i Sverige (status NT, svensk namn skogsfru),[6] i Danmark (CR, dansk namn knælæbe)[7] og i Finland (VU, finsk namn metsänemä).[8]

Huldreblom (engelsk namn ghost orchid) var rekna å vere utdøydd på Dei britiske øyane, men eit eksemplar vart funne i Herefordshire i 2009. I den britiske raudlista har arten no status som kritisk truga (CR),[9] likeeins lokalt for England.[10]

I Estland (estisk namn lehitu pisikäpp) veks huldreblom spreidde stader, for det meste i aust. Han er rekna som kritisk truga (CR).[11] I Latvia (latvisk namn bezlapu epipogija)[12] er arten svært sjeldan, for det meste aust i landet. På den latviske raudlista er han klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana).[13] I Litauen (litauisk namn belapė antbarzdė) veks arten no berre på eit par lokalitetar heilt aust i landet og er blitt borte frå eit par andre stader. Han er rekna som kritisk truga (CR).[14][15]

I Benelux er huldreblom (nederlandsk namn spookorchis, fransk namn épipogon sans feuilles) er ikkje registrert i Nederland og har ingen nylege funn i Belgia.[16] I Luxembourg står han på raudlista som særs sjeldan (R).[17]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar huldreblom». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre huldreblom». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «Artskart: Huldreblom, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Raudlista: Huldreblom». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Artfakta naturvård: Epipogium aphyllum skogsfru». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  7. «Naturbasen: Knælæbe Epipogium aphyllum». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  8. «LAJI: Epipogium aphyllum». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  9. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  11. «eElurikkus: Epipogium aphyllum» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  12. «Latvijas daba: bezlapu epipogija» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 4. februar 2023. 
  13. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 4. februar 2023. 
  14. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 74-75. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  15. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 405. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 4. februar 2023. 
  16. «Spookorchis – Epipogium aphyllum». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  17. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]