Hinnøya
Hinnøya Lokalt namn Iinnasuolu | |
---|---|
Sigerfjord, ein tettstad på vestsida av Hinnøya | |
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 68°32′N 15°50′E / 68.533°N 15.833°E |
Øygruppe | Vesterålen
|
Areal | 2204,7[1] km²
|
Høgaste punkt | Møysalen (1262 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms, Nordland |
Største busetnad | Harstad (23 108 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 31 851 (2006) |
Folketettleik | 14 /km² |
Hinnøya (nordsamisk Iinnasuolu)[2] er den største øya i Noreg (2204,7 km², av det 1410,7 km² i Nordland og 1218,5 km² i Troms) utanom Svalbard, og er delt mellom kommunane Andøy, Hadsel, Lødingen, Sortland og Vågan i Nordland og Harstad, Kvæfjord og Tjeldsund i Troms.
Byen Harstad og tettstadane Lødingen, Borkenes og Sigerfjord ligg på øya.
Hinnøya har mange fjordar og består hovudsakleg av kupert og fjellendt terreng. Særleg gjeld dette den sørlege delen av øya der Møysalen nasjonalpark ligg, inkludert det høgaste fjellet på øya, Møysalen med 1262 meter over havet. Det beste jordbruksområdet ligg i nordaust i kommunane Harstad og Kvæfjord. Dei største fjordane på øya er Øksfjorden og Gullesfjorden, som nesten deler øya i to. Ho grensar òg til dei store fjordane Andfjorden i nord, Vågsfjorden i nordaust og Vestfjorden i sør.
Vegsamband
[endre | endre wikiteksten]Hinnøya er knytt til fastlandet med Tjeldsundbrua (1005 m) som strekkjer seg over Tjeldsundet langs etter Kong Olavs veg. Hinnøya er også knytt til Langøya med Sortlandsbrua og til Andøya med Andøybrua. Lofast, det ferjefrie vegsambandet til Lofoten, vart offisielt opna 1. desember 2007. Sambandet er ein del av E10 som går svært nær Møysalen nasjonalpark.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statkart, arkivert frå originalen 1. februar 2014, henta 5. april 2008
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Hinnøya» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2008.