Georgine
- For kvinnenamnet Georgine, sjå Georgina.
Georgine | |
To georginevariantar. | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Overstamme: | Helianthodae |
Stamme: | Coreopsideae |
Understamme: | Coreopsidinae |
Slekt: | Georgine Dahlia Cav. |
Georginer (Dahlia) er ei slekt i korgplantefamilien med opphav i Mellom-Amerika, og er nasjonalblomen i Mexico. Det latinske namnet kjem frå den svenske biologen Anders Dahl. I Tyskland og grannelanda fekk blomane namn etter den russiske biologen Johann Gottlieb Georgi.
Plantane i denne slekta er mangårige, bladrike knollplantar med vakre blomar. Hagegeorginene som blir dyrka i dag, kjem frå ei last røter som kom til Nederland frå Mexico i 1872 og gav staselege, raude blomar med spisse blad. Gartnarar kryssa desse georginene, som vart kalla Dahlia juarezii, med andre georginer, og la grunnlaget for alle dei mange moderne hybridane som finst i dag.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Slekta har rundt 35 artar som er inndelte i fire seksjonar:
- Seksjon Pseudodendron
- Seksjon Epiphytum
- Seksjon Entemophyllon
- Seksjon Dahlia
Ein georginehybrid er:
- Sommargeorgine (Dahlia × hortensis)
Bilete
[endre | endre wikiteksten]Nokre georginevariantar:
-
'Bishop of Llandaff'
-
'Hit Parade'
-
'Horst Athalie'
-
'Moonfire'
-
'Mish Mash'
-
'Mary's Jomanda'
-
'Tengrove Millenium'
-
'Pompom'
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Dahlien» frå Wikipedia på tysk, den 13. juli 2010.