Flekkstrupejuvel
Flekkstrupejuvel | |
Flekkstrupejuvelhann | |
Flekkstrupejuvelhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av flekkstrupejuvel | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Lampornithini |
Slekt: | Lampornis |
Art: | Flekkstrupejuvel L. viridipallens |
Vitskapleg namn | |
Lampornis viridipallens |
Flekkstrupejuvel (Lampornis viridipallens) er ein fugl i kolibrifamilien med leveområde i Sentral-Amerika.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein mellomstor kolibri, ca. 11 til 12 centimeter med rettpeikande svart nebb. Fjørdrakta til vaksne fuglar har ei klår grøn overside med lysare grå til kvit underside, vengene og stjerten er mørke. Som andre Lampornis-kolibriar i Mellom-Amerika, har begge kjønn ei karakteristisk kvit stripe frå auga ned mot skuldra i kontrast til eit mørkt felt på undersida av stripa. Hofuglar har kvit strupe, hannfuglar har blågrøne iriserande flekker i strupeområdet og har elles grøne flekker nedover kroppssidene.[1]
Flekkstrupejuvelar lever i høgder mellom 900 og 2700 moh. i fuktig skog i relativt avgrensa habitat; i vestlege Honduras og nordlege El Salvador, i sørvestlege Guatemala og litt inn i sørlege Mexico.
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 50 000 og 500 000 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Züchner, T. & Boesman, P. (2016) Green-throated Mountain-gem (Lampornis viridipallens) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 23. januar 2016
- BirdLife International (2016) Species factsheet: Lampornis viridipallens Arkivert 2016-01-31 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 23. januar 2016
- Referansar