Hopp til innhald

Drymophila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Drymophila
Rustmaurfugl, Drymophila ferruginea Foto: Dario Sanches
Rustmaurfugl, Drymophila ferruginea
Foto: Dario Sanches
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Drymophila
Swainson, 1824

Drymophila er ei biologisk slekt i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Seks av Drymophila-artane er forbunde med regionar i søraustlege Brasil, to av desse - kaingangmaurfugl og gråryggmaurfugl - breier seg òg inn i austlege Paraguay og snautt inn i nordaustlege biten av Argentina.

Sjølv på det høgste mangfaldet i Brasils Mata Atlântica, er artane nesten heilt parapatriske, i nokre tilfelle som gråryggmaurfugl og bandhalemaurfugl jamvel til sære habitatpreferansar. Sjølvsagt kan avskogingen i denne regionen dekke over at det har vore meir overlapping i fortida. I alle fall, kvart fragment av habitat har ein sterk tendens til å halde på høgst ein einskild art.[1]

Stripemaurfugl er ein art av den sørvestlege kvadranten av Amazonasbassenget, og ein åtskild populasjon lever i nordvestlege Ecuador og tilstøytande delar av Colombia.

Langhalemaurfugl er ein art i fuktig høgland, som strekkjer seg gjennom Andes frå vestlege Bolivia til nordvestlege Venezuela, med åtskilte populasjonar i Sierra Nevada de Santa Marta, Serranía del Perijá og Cordillera de la Costa.

Drymophila i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Rustmaurfugl, Drymophila ferruginea, Ferruginous Antbird, Temminck, 1822, (LC)
  • Kaingangmaurfugl, Drymophila rubricollis, Bertoni's Antbird, Bertoni, AW, 1901, (LC)
  • Rusthalemaurfugl, Drymophila genei, Rufous-tailed Antbird, de Filippi, 1847, (LC)
  • Okergumpmaurfugl, Drymophila ochropyga, Ochre-rumped Antbird, Hellmayr, 1906, (NT)
  • Olivenryggmaurfugl, Drymophila malura, Dusky-tailed Antbird, Temminck, 1825, (LC)
  • Bandhalemaurfugl, Drymophila squamata, Scaled Antbird, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Stripemaurfugl, Drymophila devillei, Striated Antbird, Ménégaux & Hellmayr, 1906, (LC)
  • Langhalemaurfugl, Drymophila caudata, East Andean Antbird, Sclater, PL, 1855, (NT)
  • Venezuelamaurfugl, Drymophila klagesi, Klages's Antbird, Hellmayr & Seilern, 1912, (LC)
  • Santamartamaurfugl, Drymophila hellmayri, Santa Marta Antbird, Todd, 1915, (NT)
  • Stripehovudmaurfugl, Drymophila striaticeps, Streak-headed Antbird, Chapman, 1912, (LC)
  • Rajão, Henrique & Cerqueira, Rui (2006): Distribuição altitudinal e simpatria das aves do gênero Drymophila Swainson (Passeriformes, Thamnophilidae) na Mata Atlântica [Elevational distribution and sympatry of birds of the genus Drymophila Swainson (Passeriformes, Thamnophilidae) in the Atlantic forest]. [Portugisisk med samandrag på engelsk] Revista Brasileira de Zoologia 23(3): 597–607. doi:10.1590/S0101-81752006000300002 PDF fulltext

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Rajão & Cerqueira (2006)
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]