Dick Parry
Utsjånad
Dick Parry | |||
| |||
Fødd | 22. desember 1942 (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1964 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock | ||
Instrument | Saksofon | ||
Tilknytte artistar | Pink Floyd, David Gilmour | ||
Verka som | Saksofonist |
Dick Parry (fødd 22. desember 1942) er ein britisk saksofonist, som har vore studiomusikar på fleire album til forskjellige artistar og band. Mest kjend er han nok for sine soloar i Pink Floyd-songane «Money», «Us and Them», «Shine on You Crazy Diamond» og «Wearing the Inside Out».[1][2]
Han starta karrieren sin som ein ven av Pink Floyd-gitaristen David Gilmour,[1] og var ein del av bandet hans på midten av 1960-talet kalla Joker's Wild. På 1970-talet overtalte Gilmour han til å bli med på enkelte av Pink Floyd sine studioalbum, i tillegg til mange konsertar mellom 1972 og 2006. Han har òg turnert med bandet Violent Femmes. I det siste har han vore med på David Gilmour sin soloturné etter albumet hans On an Island
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Dick Parry on tour». Arkivert frå originalen 31 December 2010. Henta 19. februar 2009.
- ↑ Lloyd Grossman The Dark Side of the Moon – album review Arkivert 2011-05-16 ved Wayback Machine. rollingstone.com, 24. mai 1973