Raki
Raki (tyrkisk rakı, rakɯ]) er eit brennevin med anissmak som er utbreidd i Tyrkia og nærliggjande land. Raki kan lagast av druer, rosiner, dadlar eller fiken.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Raki er i utgangspunktet eit klart brennevin, men blir gjerne drukke tilsett først vatn og så isbitar. Dette gjev det ein mjølkekvit farge, og eit tilnamn til raki er «løvemjølk».
Drikken har ein lakrissmak som gjer at han kan minna om gresk ouzo eller fransk pastis. Drikken blir typisk servert i tynne, sylinderforma glas som ein skålar med ved å halda øvst og føra botnane mot kvarandre. Han blir gjerne drukken med mat som meze (småretter) og fisk.
Utbreidde rakimerke er Yeni, Efe og Tekirdağ.
Kulturell tyding
[endre | endre wikiteksten]Raki er rekna som tyrkisk nasjonaldrikk. Statsminister Recep Tayyip Erdoğan, som er strengt muslimsk avhaldsmann, har skapt blest fleire gonger med uttalingar knytt til drikken. I mars 2013 hevda han at leiaren av opposisjonen i Tyrkia måtte ha drukke «raki med vatn». I april same året heldt han fram ayran, ein joghurtdrikk utan alkohol, som tyrkisk nasjonaldrikk. Drikkedebatten markerer skiljet mellom dei sekulære kreftene i Tyrkia, symbolisert av landsfaderen og rakielskaren Mustafa Kemal Atatürk, og seinare religiøs fundamentalisme.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Raki» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 26. desember 2013.
- Dave Broom, «Distilling the Secrets of Raki», The Wall Street Journal (Sept. 16, 2005)
- Belgin Akaltan, «Drinking rakı with water», hurriyetdailynews.com
- Jonathon Burch, «Turkey's leader hits a nerve over country's "national drink"», Reuters (Apr 27, 2013)
- Istanbul Eats, «Drinking Culture: Tapping the Ayran (Powder) Keg», culinarybackstreets.com (June 14, 2013)
- «What to Drink in Istanbul?» Arkivert 2013-10-31 ved Wayback Machine., wittistanbul.com