Pelikan- og hegrefuglar
Pelikan- og hegrefuglar | ||
Australpelikan Pelecanus conspicillatus Foto: Diego Delso
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Pelecaniformes Sharpe , 1891 | |
Familiar | ||
|
Pelikanfuglar (Pelecaniformes) har vore ein moglegvis «ugyldig» biologisk orden av mellomstore og store vassfuglar. Tradisjonelt var gruppa definert som alle fuglar som har føter med symjehud mellom alle fire tærne. Difor vart dei tidlegare òg kjent under namn som totipalmates eller steganopodes.
Fuglane i ordenen var tropikkfuglar (Phaethontidae), pelikanar (Pelecanidae), suler (Sulidae), skarvar (Phalacrocoracidae), slangehalsfuglar (Anhingidae), fregattfuglar (Fregatidae), til saman ca. 67 artar. Dei fleste i denne tidlegare grupperinga har ein fjørlaus strupelapp. Naseopningane i nebbet har utvikla seg mot ikkje-funksjonelle spalter slik at dei må puste gjennom munnen.
Dei lever av fisk, blekksprut eller liknande marint liv. Hekkinga går føre seg i koloniar, men einskilde fuglar er monogame. Ungane hos dei fleste artane er nakne og hjelpelause etter klekking. Dei manglar rugeflekken.
I 2011 blei ordenen pelikanfuglar sterkt omgruppert etter klassifiseringar i Clements-rekkjefølgja. Fregattfuglar, suler, slangehalsfuglar og skarvar blei tatt ut og dannar ein ny orden Suliformes. Tropikkfuglar dannar sin eigen orden Phaethontiformes. I staden kom treskonebb, skuggefugl, hegrar, ibisar og skeistorkar inn i pelikanfuglar.[1][2]
Orden Pelikanfuglar (Pelecaniformes) i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011.[3]
- Pelikanar (Pelecanidae)
- Treskonebb (Balaenicipitidae)
- Skuggefugl (Scopidae)
- Hegrar (Ardeidae)
- Ibisar og skeistorkar (Threskiornithidae)
Referansar
- ↑ The Clements Checklist Updates & Corrections - Feb 2011 Lest 4. juli 2012
- ↑ AOU Committee on Classification and Nomenclature (North & Middle America) 2009 N&MA Classification Committee: Proposals 2009-C Lest 4. juli 2012
- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 4. juli 2012