FFI-fakta
Vil du ha meir informasjon om forskinga vår?
FFI er bindeleddet mellom Forsvaret, vitskaplege miljø og bedriftene som produserer utstyret Forsvaret bruker. På den måten bidreg vi både til at Forsvaret tek i bruk ny teknologi raskare. Vi bidreg til å utvikle teknologi og skape verdiar. Løysingar som er utvikla og testa ved FFI blir seinare til produkt som skaper nye arbeidsplassar i norsk forsvarsindustri.
Forsking og utvikling
FFI utfører det som blir kalla nytta forsking og utvikling. Det betyr at vi i nært samarbeid med brukarane omset ny kunnskap og teori til konkrete teknologiske løysingar. Desse løysingane kan Forsvaret bruke både i operasjonar og andre samanhengar. Arbeidet er nært knytt til omfattande internasjonalt samarbeid, først og fremst i Nato og med Noregs nære allierte. Innovasjon, utprøving og testing er ein naturleg del av forsking og utvikling. Slik sett er det FFI gjer nærare praktisk nytte og bruk enn det mange kanskje trur.
ICE-Worx
ICE worx er eit felles innovasjonssenter for aktørane i forsvarssektoren. Her skal forskarar og ingeniørar samarbeide med norske teknologibedrifter og militære avdelingar i Forsvaret om å teste og utvikle ny teknologi som kan styrke forsvarsevne, tryggleik og beredskap.
Bli FFI-forskar
Vi er alltid på utkikk etter nye medarbeidarar. Anten du er heilt nyutdanna eller allereie har nokre års arbeidserfaring har vi plass til deg! Les meir om korleis det er å jobbe ved FFI og sjå dei ledige stillingane for meir informasjon.
Les rapporter
FFI publiserer jamleg fleire typar publikasjonar med ugraderte forskingsresultat frå dei mange fagområda våre.
Få med deg siste nytt
Vi er opptekne av forskingsformidling. På aktuelt-sidene våre finn du oversyn over podkastar, nyhende, videoar og arrangement.