Kypert er ei av tre grunnbindingar innan veving. Kjenneteikn til kypert er at bindepunkta blir flytt ein tråd til sides for kvart innslag. Dette gjer at stoff i kypertbinding får diagonale linjer over heile vevnaden.
Faktaboks
- Også kjend som
- kypertbinding, kyper, kipert, kippert, vend, vendevev
I ein likesida kypert går innslaget alltid under og over like mange trådar, medan ulikesida eller asymmetrisk kypert går for eksempel over tre og under éin tråd, det blir også kalla innslagskypert eller renningskypert.
I kypertbindinga blir ikkje trådane så ofte bundne som i toskaft og stoffet blir difor mjukare og meir elastisk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.