Komparere er å samanlikne. Ordet er først og fremst brukt i grammatikken, der det å komparere er det same som å gradbøye eit adjektiv eller adverb.

Faktaboks

Uttale

komparere

Etymologi
av latin comparāre 'samanlikne', eigentleg 'pare i hop, setje jamsides'

Ein kan bøye adjektiv og adverb i positiv, komparativ og superlativ, som vist med desse norske eksempla:

positiv komparativ superlativ
ADJEKTIV kvit kvitare kvitast
ADVERB ofte oftare oftast

Les meir i Store norske leksikon