Barlind har ein helt spesiell tilknyting til hagehistoria i sørlegare land. Skjering vinterstid tolest godt, og treslaget skyt raskt nye skott. Barlind var svært populær i hageanlegg i renessansen til forming av figurar, søyler og kjegler.
Treslaget blir brukt ein del til spesielle føremål som vevskytlar, teikneutstyr og instrument, eller til kunstgjenstandar.
Barlind kan blant anna bli brukt som erstatning for det tropiske treslaget ibenholt, dette gjeld også til instrument. I gammal tid vart barlind brukt til pilbogar (norrønt ýr betyr både barlind og boge). Heilt fram til 1900 vart det skote vågekval med bogar av barlind i skjergarden utanfor Bergen. Elles blir mindre tre brukte til hesjestaur, og veden av større tre til kjerald og reiskapar. Bastet er seigt og har vore brukt til tau på same måten som bastet av lind, derav namnet barlind. Av barlind kan ein vinne ut stoffet taxol, som blir brukt i kreftbehandling.
Trevirket er svært motstandsdyktig mot ròtesoppar, til liks med einer. Barlind har derfor blitt ein del nytta til gjerdepålar. Det mjuke og dekorative baret har over ein lang periode blitt nytta til kransar og andre dekorasjonar. I eldre tider var det vanleg at skogsarbeidarar som jobba i område med barlind avslutta den vanlege hogsten nokre veker før jul og gjekk over på hausting av barlind, for sal til juledekorasjonar. Dette gav arbeidarane betre forteneste enn vanleg hogstarbeid. I utlandet finst fleire former av barlind. Pyramide-barlind (var. fastigiata eller hibernica) er ein svært vakker og dekorativ varietet som ofte blir planta i hagar og parkar. Denne varieteten har smal krone og stivt opprette greiner.
Da barlind har høg eigenvekt inneheld treslaget mykje energi per volumeining. Ein fastkubikkmeter med barlind ved 17 prosent fukt inneheld brutto 3119 kilowattimar (kWt). Dette er 20 prosent meir enn bjørk. Av norske treslag er det berre kristtorn som inneheld meir energi per volumeining med sine 3509 kWt per fastkubikkmeter ved same fuktprosent.
Kommentarar (2)
skreiv Janicke Getz
svarte Redaksjonen i Store norske leksikon
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.