Åse Teigland er hardingfelespelar frå Hardanger, med nye tilnærmingar til tradisjonell musikk.
Åse Teigland
Faktaboks
- Fødd
- 1. november 1975, Utne i Hardanger, Vestland
Bakgrunn
Åse Teigland er fødd på Utne i Ullensvang i Hardanger. Den viktigaste læraren hennar har vore Knut Hamre. Ho gjekk folkemusikklina ved Fagernes vidaregåande skule, og deretter studerte ho ved Folkemusikkakademiet i Rauland (1994–1996), Høgskulen i Bergen (no Høgskulen på Vestlandet) og Ole Bull Akademiet på Voss (1998–2000).
Folkemusikk
Teigland heldt debutkonsert i Granvin i 1997. Repertoaret til Teigland består primært av eldre tradisjonsstoff frå Hardanger og Voss, gjerne i mindre kjende utformingar. Repertoaret sitt har ho tileigna seg ikkje berre gjennom personleg overlevering, men òg frå eldre lydopptak og nedteikningar. Ho har argumentert for at folkemusikkutøvarar må sjå på seg sjølve primært som musikarar og ikkje som representantar for ein kulturarv.
Utgjevingar og samarbeid
Teigland har gitt ut soloplatene Dansarsteinen (1998) og Stille (2008). Vidare utgjer ho saman med Knut Hamre og Frank Rolland Trio Hardanger, som har gitt ut Håstabøslåttar (1999) og I Halldors ånd (2003). Saman med Camilla Granlien og Tone Juve har ho gitt ut plata Skrekk (2004), og saman med Synnøve Bjørset og Anne Hytta har ho danna trioen Dei beste damene, som i 2010 gav ut plata Soli. Ho har vore norsk representant i Det europeiske folkemusikkorkesteret (2001–2003).
Utmerkingar
I 2005 vann Teigland A-klassa på Landskappleiken, som første kvinne på 45 år.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Bodil Garvik: «Debut utan Bunad», Bergens tidende 20.1.1999
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.