Zgharta distrikt
Zgharta distrikt | |||
زغرتا | |||
distrikt | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nord guvernement | ||
Adm. senter | Zgharta | ||
Areal | 182 km² | ||
Tidssone | EST (UTC+2) | ||
Zgharta distrikt 34°23′47″N 35°53′44″E / 34.3965°N 35.8955°E | |||
Plassering i Libanon
| |||
Wikimedia Commons: Zgharta District |
Zgharta distrikt (arabisk زغرتا) er eit distrikt (qadaa) i Nord guvernement, nord i Libanon.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Det administrative senteret er byen Zgharta. Distriktet har 57 busetnader med 30 kommunar som dekkjer 37 landsbyar. Somme av områda deler same kommune, som Ehden/Zgharta, Kfarsghab/Morh Kfarsghab og Miziara/Harf Miziara.
Distriktet ligg frå 40 til 2800 meter over havet, frå nær kysten til det høgaste punktet i Libanonfjella.
Dei høgaste delane av distriktet ligg oppom Qozhayadalen, som er den nordlege delen av Qadishadalen, som er ein verdsarvstad. Horsh Ehden naturreservat ligg i fjella i dette distriktet. Her ligg fleire turistmål, som klosteret Mar Sarkis og klosteret i Qozhaya.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Jordbruk er hovudnæringa i distriktet med ein viktig olivenoljeproduksjon i kystområda, og frukt (eple og pære) i fjellområda. I nyare år har det òg vore ein viss tenestesektor i Zgharta.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Folketalet er estimert til kring 90 000 (1998). Kring 50 % av innbyggjarane bur i Zgharta, Rachiine, Kfardlakos, Kfarhata, Mijdlayiah, Ardeh, og Harf Ardeh. Dei fleste innbyggjarane er maronittiske katolikkar, med ein minoritet av gresk-ortodokse, armenarar, sunni-muslimar og andre.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]Landsby | Arabisk namn | Folketal 1998 |
---|---|---|
Aarjes | عرجس | |
Aintourine | عينتورين | |
Aitou | أيطو | |
Alma | علما | |
Arbet Kozhaya | عربة قزحيا | |
Ardeh | ارده | |
Ashash | عشاش | |
Aslout | اسلوت | |
Asnoun | اصنون | |
Bane | ||
Basloukit | بسلوقيت | |
Bchennine | بشنين | |
Beit Awkar | بيت عوكر | |
Beit Obeid | بيت عبيد | |
Besbeel | بسبعل | |
Bhairet Toula | بحيرة تولا | |
Bnachii | بنشعي | |
Bousit | بوسيط | |
Daraya | داريا | |
Ehden | أهدن | |
Ejbeh | اجبع | |
Fraydiss | مزرعة الفريديس | |
Haret Al Fawar | حارة الفوار | |
Harf Ardeh | حرف أرده | |
Harf Miziara | حرف مزيارة | |
Hawqa | حوقا | |
Hilan | حيلان | |
Houmeiss | حميص | |
Iaal | ايعال | |
Jdaydeh | ||
Kadrieh | القادرية | |
Karahbache | قره باش | |
Karmsaddeh | كرمسدة | |
Kfardlakos | كفردلاقوس | |
Kfarfou | كفرفو | |
Kfarhawra | كفرحورا | |
Kfarsghab | كفرصغاب | |
Kfarshakhna | كفرشخنا | |
Kfarhata | كفرحاتا | |
Kfaryachit | كفرياشيت | |
Kfarzeina | كفرزينا | |
Khaldieh | ||
Kifraya | كفريا | |
Mazraat En Nahr | مزرعة النهر | |
Mazraat Al Toufah | مزرعة التفاح | |
Mazraat Hraikis | مزرعة حريقص | |
Mejdlaya | مجدليا | |
Miriata | مرياطه | |
Miziara | مزيارة | |
Morh Kfarsghab | مرح كفرصغاب | |
Rachiine | رشعين | |
Raskifa | راسكيفا | |
Sakhra | صخرا | |
Sebhel | سبعل | |
Sereel | سرعل | |
Toula | تولا | |
Zgharta | زغرتا |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zgharta District» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: