Yanuh-Jat
- For den libanesiske landsbyen, sjå Yanouh.
Yanuh-Jat | |||
יָנוּחַ-גַ'תּ, يانوح-جت | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Yanuh, kanskje frå Yanoh[1]-Jett, kanskje «høgareliggande stad»[2] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°58′58.02″N 35°14′39.29″E / 32.9827833°N 35.2442472°E | ||
Areal | 13,4 km² | ||
Folketal | 5 300 (2006) | ||
Folketettleik | 396 / km² | ||
Bystatus | 1990 | ||
Yanuh-Jat 32°58′55″N 35°15′00″E / 32.9819°N 35.2499°E | |||
Kart som viser Yanuh-Jat.
| |||
Wikimedia Commons: Yanuh-Jat |
Yanuh-Jat (arabisk يانوح-جت, יָנוּחַ-גַ'תּ) er ein arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel, nordaust for Akko, som består av landsbyane Yanuh og Jat. Dei vart slått saman i 1990. Byen hadde eit folketal på 5 300 i 2006 og innbyggjarar er hovudsakleg drusarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I Yanuh vart gamle tilhogde steinar nytta om att i landsbyhusa. Det er òg skildra dekksteinar, oljepresser, vinpresser, cisterner skoren ut i berget og gamle graver her.[3]
Det er funne ruinar frå bronsealderen, jernalderen, hellenistisk, romersk og bysantinsk tid nær heilagdomen Shaykh Abu Arus i Jat.[4] Det er funne glasvasar frå 300- og 400-talet evt. i Jat då eit gravkammer vart grave ut i 1966. Det er òg funne keramikk frå same periode, i lag med ei bjølle i bronse, som vart grave ut i 1967.[5]
I 1250 vart Yanuh nemnd under namnet Lanahie, som ein av casales som høyrte til Den tyske riddarordenen.[6]
I den same krossfarartida, høyrte Jat først til herre som hadde sete i Mi'ilya («Castellum Regis»), og seinare til Den tyske riddarordenen. I denne tida vart han kalla anten Jesce, Jeth eller Gez.[4]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]I 1517 vart området ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 var Yanuh oppført i osmanske skattelister under namnet «Yanuh al-Ward» som ein del av Akka nahiya (underdistrikt) i Safad liwa med eit folketal på 16 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Han betalte skattar av ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, frukttre, i tillegg til geiter, bikubar og «vinterenger».[7] Jat kan ha vore landsbyen under namnet Kafr Yuda (Yura) i same daftar, ein landsby med eit folketal på 28 hushaldningar, òg her var alle muslimar.[8]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Yanuh i august 1875, og fann cisterner skoren ut i berget og mange tilhogde steinar spreidd utover jorda, omgjeve av plattformer eller nytta som byggemateriale, noko som synte at staden var særs gammal.[9]
I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Yanuh was som ein landsby «bygd av stein, i to delar, med grava til Neby i sør. Landsbyen ligg delvis i ruinar og er busett av kring 170 drusarar. Han ligg i høgda på vestsida av ein rygg, og er omgjeve av oliven og noko oppdyrka mark, men hovudsakleg kratt. Her er to cisterner som gjev landsbyen vatn.»[10] SWP skildra samstundes «Jett» som «ein landsby, bygd av stein, på ein åsrygg, med kring 120 drusarar (i følgje Guerin, 150); omgjeve av oliven og fiken. Vatn frå cisterner og brunnar.»[11]
Palestinamandatet
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Yanuh eit folketal på 117 drusarar og éin muslim,[12] medan Jat hadde eit folketal på 137, all drusarar.[12] Under folketeljinga i 1931 hadde Yanuh eit folketal på 306, all drusarar, i 47 hus,[13] medan Jat hadde eit folketal på 154 i 28 hus. Av desse var åtte muslimar og resten drusarar.[14]
I 1945 hadde Yanuh eit folketal på 410, alle arabarar, med 12 836 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[15] Av dette var 804 dekar var plantasjar og irrigert land, 1 625 nytta for korn,[16] medan 40 dekar vart utbygd land.[17] I den same teljinga i 1945 hadde Jat hadde eit folketal på 200 arabarar og 5 909 dekar land.[18] Av dette var 554 dekar var plantasjar og irrigert land, 1 206 nytta for korn,[19] medan 29 dekar vart utbygd land.[20]
Moderne tid
[endre | endre wikiteksten]I følgje delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina skulle Yanuh-Jat ver ein del av ein arabisk stat.[21] I august 1948, under den arabisk-israelske krigen i 1948, var fleire drusarlandsbyar i det vestlege Galilea under israelsk militærkontroll. Yanuh og Jat var av fleire drusarlandsbyar som låg i militærsonen til Den arabiske frigjeringshæren (ALA) under Fawzi al-Qawuqji.[22] Yanuh var den einaste landsbyen som tok i mot ALA og i september kom fleire ALA-soldatar til landsbyeb som forsterkningar i forsvaret av Tarshiha der ALA hadde eit hovudkvarter. Den 29. oktober starta israelske styrkar Operasjon Hiram, ein offensiv som førte til at mykje av det sentrale Galilea vart erobra og somme landsbyar sør i Libanon. Under operasjonen gjorde væpna innbyggjarar i Yanuh og Jat motstand og 17 israelske soldatar mista livet, 14 av dei drusarar. Den israelske eininga hadde ikkje venta ein konfrontasjon med dei to landsbyane fordi representantar frå Yanuh hadde danna ein hemmeleg avtale med dei israelske styresmaktene om ikkje å yte motstand.[23][24] Familiane til dei drepne drusar-soldatane fekk kompensasjon av innbyggjarane i Yanuh og Jat, men dei to landsbyane vart seinare forsømd av staten då Israel fekk kontroll over området, sidan dei vart rekna for å ha svike landet.[25] Ingen av innbyggjarane vart forviste.[23]
Yanuh-Jat fekk lokal kommunestatus i 1990. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde han eit folketal på 5 300 i 2006. Dei fleste innbyggjarane er drusarar.[26] Før kommunane vart slått saman i 1990, vart Yanuh og Jat separate landsbyar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ I følgje Palmer, s. 60, eller Yanuh i Sør-Libanon, s. 38, kan vere Yanoah i Bibelen (2. Kong15:29)
- ↑ Palmer, 1881, s. 43
- ↑ Dauphin, 1998, s. 637
- ↑ 4,0 4,1 Cinamon, 2011, Jatt Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 638
- ↑ Conder og Kitchener, 1881, s. 155
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 194
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 193.
- ↑ Guérin, 1880, s. 18-19, as translated by Conder og Kitchener, 1881, s. 193
- ↑ Conder og Kitchener, 1881, s. 148
- ↑ Conder og Kitchener, 1881, s. 145
- ↑ 12,0 12,1 J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36.
- ↑ Mills, 1932, s. 104.
- ↑ Mills, 1932, s. 101.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 82[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 132[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 40[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 80[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 130[daud lenkje]
- ↑ Map, UN partition plan, arkivert frå originalen 24. januar 2009, henta 1. februar 2015
- ↑ Firro, 1999, s. 67.
- ↑ 23,0 23,1 Parsons, ed. Rogan, 2001, s. 66.
- ↑ Firro, 1999, s. 69-70.
- ↑ Firro, 1999, s. 72-73.
- ↑ Yanuh-Jat (Israel) Gutterman, Dov. Flags of the World.
- Denne artikkelen bygger på «Yanuh-Jat» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Abu Hamid, Amani (31/12/2012): Tell Jatt Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.124
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Cinamon, Gilad (21/7/2011): Jatt Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.123
- Dana, Nissim (2003). The Druze in the Middle East: Their Faith, Leadership, Identity and Status. Sussex Academic Press. ISBN 1903900360.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress.
- Ellenblum, Ronnie (2003), Frankish Rural Settlement in the Latin kingdom of Jerusalem, Cambridge University Press, ISBN 9780521521871
- Firro, Kais (1999). The Druze in the Jewish State: A Brief Historie. BRILL. ISBN 9004112510.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 3; Galilea, pt. 2.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Lerer, Yoav (25/5/2011): Jatt, Survey Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.123
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Parsons, Laila (2001), Eugene L. Rogan, red., The War for Palestina: Rewriting the Historie of 1948, Cambridge University Press, ISBN 0521794765
- Röhricht, Reinhold (1893): Regista Regni Hierosolymitani (1097-1291)
- Swayd, Sami (2009). The A to Z of Druze. Rowman & Littlefield. ISBN 0810868369.