Vjatsjaslaw Hljeb
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Вячаслаў Паўлавіч Глеб Vjatsjaslaw Pawlavitsj Hljeb | ||
Fødd | 12. februar 1983 | ||
Fødestad | Minsk | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Midtbane, spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | FSV Frankfurt | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2000-01 2001-04 2004-05 2005 2005-08 2009 2010-11 2011 2011- |
Dinamo Minsk Stuttgart Hamburg Grasshoppers MTZ-RIPO Shanghai Shenhua Shenzhen Ruby Dinamo Minsk FSV Frankfurt |
9 (6) 0 (0) 3 (0) 8 (0) 72 (29) 23 (6) 24 (6) 11 (2) 0 (0) | |
Landslag | |||
2004- | Kviterussland | 44 (12) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 30. august 2011 |
Vjatsjaslaw Pawlavitsj Hljeb (fødd 12. februar 1983 i Minsk) er ein kviterussisk fotballspelar som har spela for FSV Frankfurt i tysk 2. Bundesliga, og for det kviterussiske landslaget.
Frå 2001 til 2005 spelte Hljeb for fleire klubbar i Tyskland og Sveits, men utan å oppnå større suksess. I 2005 vende han heim til Kviterussland og MTZ-RIPO, før han drog til den kinesiske proffligaen i 2009.
Hljeb debuterte for A-landslaget til Kviterussland i 2004. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Tyrkia i ein privatlandskamp 18. august 2004.
Storebroren hans, Aljaksandr Hljeb, har også vore kviterussisk landslagsspelar.