Hopp til innhald

Vesta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om gudinna. For objektet i asteroidebeltet, sjå 4 Vesta.
Vestatempelet. Teikning etter ein romersk mynt.

Vesta var gudinne for årestaden i romersk mytologi. Ho tilsvarer den greske Hestia. I Roma blei Vesta i første rekke gudinne for byåren, og hadde sitt eige tempel ved Forum Romanum. Vestatempelet framstilte henne ikkje gjennom bilde, men gjennom ei heilag åre med ein evig brennande eld som blei overvaka av vestalinnene.

  • «Vesta» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. februar 2015.
Spire Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.