Hopp til innhald

Vesle olsok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detalj av ein primstav med merket for olsok som ei øks, nummer tre frå venstre, og vesle olsok som den mindre øksa til høgre.

Vesle Olsok, feira den 3. august, var ein norsk festdag som blei markert på primstaven med ei lita olavsøks. Dagen blei feira til minne om at Olav den heilage blei teken opp av sandbakken ved Nidelva og flytt til høgalteret i Klemenskyrkja i Nidaros. Dette hende 12 månadar og 5 dagar etter slaget på Stiklestad.

Ei gammal tyding fortel: «Da skal man paa Stølen for at spise Olavs-Sok-Grøden».