Vau-Dejës
Vau-Dejës | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Vau-Dejës | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Shkodër | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
499 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
30 438 | ||
Koordinatar | 42°0′0″N 19°38′0″E / 42.00000°N 19.63333°E | ||
Høgd over havet | 25 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Vau-Dejës kommune innafor regionen Shkodër |
Vau-Dejës er ein by og ein kommune i regionen Shkodër i Albania. Kommunen grenser mot regionen Lezhë i sør, mot Kukës i nord.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Vau-Dejës vart slått saman med landkommunane Bushat, Vig-Mnelë, Hajmel, Temal og Shllak.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Vau-Dejës.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 8 117 innbyggjarar, medan dei seks kommunane som i dag utgjer storkommunen Vau-Dejës, til saman hadde 30 438 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Shkodër.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Vau-Dejës og busetnadene:[2]
- Mjedë
- Spatharë
- Shelqet
- Kaç
- Naraç
- Dush
- Karmë
- Gomsiqe