Vasilij Safonov
Vasilij Safonov | |||
| |||
Fødd | 25. januar 1852 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Isjtsjerskaja | ||
Død | 27. februar 1918 (66 år) | ||
Dødsstad | Kislovodsk | ||
Opphav | Det russiske imperiet | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | klassisk pianist, dirigent, pedagog, pianist, musikkpedagog | ||
Far | Safonov Ilya Ivanovich | ||
Gift med | Varvara Ivanovna Vysjnegradskaja | ||
Born | Anna Timiryova, Olga Safonova, Elena Safonova | ||
Prisar | 3. klasse av Sankt Vladimirs orden, 1. klasse av Sankt Stanislaus-ordenen, 1. klasse av Sankta Annas orden, Sankt Stanislaus-ordenen, Sankt Vladimirs orden |
Vasilij Iljitsj Safonov, i si tid kjent som Safonoff i Vesten, (6. februar 1852–27. februar 1918) var ein russisk dirigent og pianist.
Safonov, som var son av ein kosakk-offiser, tok eksamen i rettsvitskap ved det militærjuridiske akademiet i St. Petersburg og studerte klaver hos Teodor Leszetycki ved konservatoriet i byen og avslutta sistnemnde stuide med gullmedalje. Han studerte òg klaver med Louis Brassin. Frå 1881 underviste han i klaverspel ved konservatoriet i St. Petersburg og bytta i 1885 over til same post ved konservatoriet i Moskva og var rektor ved skolen frå 1889 til 1905. Han hadde ei mengd klavérelevar, blant anna Aleksandr Skrjabin, Nikolaj Medtner, og Rosina og Josef Lhévinne.
Frå 1889 til 1905 og frå 1909 til 1911 dirigerte han symfonikonsertar i det keisarlege russiske musikkselskapet i Moskva. Eit særmerke ved Safonov var at han, ulikt andre dirigentar på denne tida, dirigerte utan taktstokk. Frå 1906 til 1909 var han musikkdirektør ved New York Philharmonic Orchestra og leiar av National Conservatory of Music New York. Fram til han døydde var han gjestedirigent ved dei fleste store europeiske orkestra, slik som Berlin og Wiener Philharmoniker, Orchestre Lamoureux og London Symphony Orchestra.
Safonov var kjend for å skape rytmisk presise og livfulle framføringar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på «Wassili Iljitsch Safonow» frå Wikipedia på tysk, den 21. november 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Safonov på russianmusicians.org Arkivert 2006-08-29 ved Wayback Machine.
- Fritt tilgjengelege notar av Vasilij Safonov ved International Music Score Library Project (IMSLP)