Hopp til innhald

Valto Olenius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valto Olenius


Statsborgarskap Finland
Fødd 12. desember 1920
Högfors by
Død 13. juli 1983 (62 år)
Heinola
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948, EM i friidrett 1950
Utmerkingar Cross of Merit, in gold, of the Finnish Sports

Valto Rudolf Olenius (12. desember 192013. juli 1983) var ein finsk stavhoppar frå Karkkila som vann EM-sølv i 1950.

Olenius kom på ein delt sjuandeplass i stavhopp under Sommar-OL 1948 i London. To år seinare sikra han seg sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1950 i Brussel. Her hoppa han over 4,25 m og tok sølv framom landsmannen Jukka Piironen som også klarte 4,25 m, svensken Ragnar Lundberg tok seg over 4,30 m og vann gullmedaljen. Ved dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsinki enda Olenius opp som femtemann i stavtevlinga på ny personleg rekord 4,30 m.

Olenius var finsk meister i stavhopp tre år på rad 1950-52. Han sette sitt endelege personbeste med 4,31 meter den 6. juli 1953 i Tampere.

62 år gammal drukna Olenius ved Heinola, liket aldri attfunne.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]