Hopp til innhald

Ustaoset

Koordinatar: 60°29′35″N 08°03′01″E / 60.49306°N 8.05028°E / 60.49306; 8.05028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°29′35″N 08°03′01″E / 60.49306°N 8.05028°E / 60.49306; 8.05028

Ustaoset
stad
Land  Noreg
Kart
Ustaoset
60°30′00″N 8°04′00″E / 60.5°N 8.06667°E / 60.5; 8.06667
Wikimedia Commons: Ustaoset
Ustaoset
Utsikt mot Ustaoset frå vest.

Ustaoset ligg på 990 meter over havet i Hol kommune i Buskerud fylke. Ustaoset er ein stasjon på Bergensbanen.[1] Her ligg òg ein hytteby med rundt 900 hytter, overnattingsverksemd, butikk, bensinstasjon og kafe.

Ustaoset ligg ved nasjonalparkane Hallingskarvet og Hardangervidda, og er utgangspunkt for mange merka stiar for fotturar[2], og langrennsløyper for skitufart i området.[3]

Ustaoset ligg nær Hallingskarvet nasjonalpark.

Skarverennet er eit årleg skirenn på 37 kilometer, som startar på Finse, går langs Hallingskarvet og endar på Ustaoset.

Namnet Ustaoset kjem av at staden er osen der elva Usteåne renn ut frå Ustevatn.

  1. «Ustaoset stasjon | Bane NOR», www.banenor.no (på norsk bokmål), henta 3. oktober 2024 
  2. «UT.no | Utforsker | Ustaoset», www.ut.no, henta 3. oktober 2024 
  3. «Hol nasjonalparkkommune», www.hol.kommune.no (på norsk bokmål), henta 3. oktober 2024