Hopp til innhald

University of Illinois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
University of Illinois


Grunnlagt1867
Typedelstateigd
Studentar77 000
Nettstadhttps://uillinois.edu (engelsk)
Computer and Systems Research Laboratory.
University of Illinois Observatory.
UI at Chicago University Hall.
UI ved Chicago Grant Hall.

University of Illinois er eit delstatseigd space-, sea- og land-grant-universitet der flaggskipcampus er University of Illinois at Urbana-Champaign i Champaign i delstaten Illinois i USA. Det er vidare campusar i Chicago og Springfield.

Det vart oppretta i 1867 som land-grant-universitetet Illinois Industrial University. Det vart tidleg eit liberal arts-universitet etter innsats frå den første rektoren, og imot den rådande haldninga som gjekk i favør av rein yrkesretta og tekniske fokus.

Lærestader og skular

[endre | endre wikiteksten]

Lærestader, college og skular ved universitetssystemet omfattar:

  • University of Illinois at Urbana-Champaign, Champaign (1867) - 42 728 studentar
    • UIUC College of Agriculture, Consumer, and Environmental Sciences|College of Agriculture, Consumer, and Environmental Sciences
    • UIUC College of Applied Health Sciences
    • University of Illinois Institute of Aviation
    • UIUC College of Business
    • UIUC College of Communications
    • UIUC College of Education
    • UIUC College of Engineering
    • UIUC College of Fine and Applied Arts
    • UIUC Graduate College
    • UIUC Institute of Labor and Industrial Relations
    • UIUC College of Law
    • UIUC College of Liberal Arts and Sciencesces
    • UIUC Graduate School of Library and Information Science
    • College of Medicine at Urbana-Champaign
    • UIUC School of Social Work
    • UIUC College of Veterinary Medicine
  • University of Illinois at Chicago, Chicago (1946) - 24 654 studentar
    • College of Applied Health Sciences
    • College of Architecture and the Arts
    • College of Business Administration
    • College of Dentistry
    • College of Education
    • College of Engineering
    • College of Graduate College,
    • UIC Honors College (lågaregrads studiar)
    • College of Liberal Arts
    • UIC College of Medicine
    • College of Nursing
    • College of Pharmacy
    • College of Public Health
    • Jane Addams College of Social Work
    • College of Urban Planning and Public Affairs
  • University of Illinois at Springfield (1969) - 4 761 studentar
    • College of Business and Management
    • College of Education and Human Services
    • College of Liberal Arts and Sciences
    • College of Public Affairs and Administration

Fysikaren John Bardeen er den einaste i verda som har vunne Nobelprisen i fysikk to gonger.

Campusar og studenttilhøve

[endre | endre wikiteksten]

University of Illinois at Urbana-Champaign som er eit Public Ivy sea-, space- og land-grant universitet, har eit særs breitt og kvalitativt utmerka fagtilbod. Fleire studiar vert rangert særs høgt, og universitetet i Urbana-Champaign vert jamleg plassert blant dei ti beste offentlege universiteta i USA. Studiane i avionikk og luftfartsfag er knytt til Willard Airport, som skulen driv. Real- og teknologifaga og forskinga rundt desse vert rekna for å vere verdsleiande. På campus ligg National Center for Supercomputing Applications (NCSA), som skapte den første grafiske grensesnitt-nettlesaren i verda - Mosaic. Slik la forskarane grunnen for Microsoft IE og Apache webserver. Universitetet har i dag forskingspartnerskap med IBM. I 2004 opna Siebel Center for Computer Science .

University of Illinois at Chicago er eit forskingsuniversitet med fokus på medisin i Chicago sentrum, og har den største medisinskulen i USA. Lærestaden byggjer på Chicago College of Pharmacy (1859), College of Physicians and Surgeons (1882), og Columbian College of Dentistry (1891). Skylane vart knytte til University of Illinois at Urbana-Champaign i 1897, og vart sjølvstendig lærestad under universitetssystem i 1913 under namnet Colleges of Medicine, Dentistry, and Pharmacy. Etter den andre verdskrigen førte behovet for studieplasser til krigsveteranar til at University of Chicago vart formelt oppretta som universitet i 1946.

University of Illinois at Springfield vart grunnlagt i 1969 som Sangamon State University, og vart ein del av UI System i 1995. Hovedfokuset er på allmennfag, ikkje minst statsvitskap og administrasjonsfag. Den no avlidne demokratiske politikaren og presidentkandidaten Paul Simon var professor her.

Ved universitetet var det 72 143 studentar og 3 904 vitskaplege tilsette i 2006, og same året var skulepengane frå US$ 7.244 til US$ 11 130 (ved Urbana) for studentar folkeregistrert i Illinois. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå ved alle tre lærestadane.

Tidlegare studentar omfatter Hugh Hefner og Larry Ellison.

Biblioteka ved University of Illinois System har i sum meir enn ti millionar boktitlar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]