Hopp til innhald

Uftiuga ved Koksjenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uftiuga
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 1 060 km²
Lengd 124 km
Munning Koksjenga
Kart
Uftiuga
60°12′20″N 42°56′54″E / 60.205555555556°N 42.948333333333°E / 60.205555555556; 42.948333333333

Uftiuga (russisk Уфтюга) er ei elv i Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Koksjenga frå venstre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina. Elva er 124 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 060 km². Elva har ei middelvassføring på 10,5 m³/s.

Uftiuga spring ut frå ei stor myr 25 km nord for byen Totma. Elva renn gjennom skogområde. Den øvre delen av elva er stort sett folketom, medan landsbyane ligg tett i den nedre delen. Uftiuga munnar ut i Koksjenga tre kilometer frå den store landsbyen Tarnogoskij Gorodok