Hopp til innhald

Trompet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trompetist)
Trompet

Klassifiseringvalve trumpets
Hornbostel-Sachs klassifisering423.233
Israelittisk trompet. (Bonanni 1723)

Ein trompet er eit lite massingblåseinstrument med trong, sylindrisk boring og vanlegvis med første overtone i området frå a og over. Trompeten har høgast register av dagens massinginstrument, og blir ofte òg sett på som det med sterkast lyd.

Trompetar i antikken

[endre | endre wikiteksten]

I antikken og langt opp mot nyare tid var trompeten eit enkelt massinginstrument utan fingerhol eller ventilar. I Egypt vart det funnen ein trompet i gravkammeret til Tutankhamun, som levde i det 14. hundreåret før vår tidsrekning. Denne trompeten er no i Det egyptiske museet i Kairo.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Trompet
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.