Torstein
Torstein er eit mannsnamn sett saman av norrønt Þórr, '(guden) Tor', og steinn, 'stein'. Þorsteinn var den norrøne forma av namnet, medan det blei skrive Thorsten på gammaldansk og gammalsvensk.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Þórstæinn er det tredje vanlegaste mannsnamnet funne i nordiske runeinskripsjonar frå vikingtida, og ein reknar derfor med at namnet var svært vanleg i Norden då. Dei vanlegaste skrivemåtane for namnet var þurstin, þorstain og þurstain.[1]
Namnet er i nyare tid mest vanleg i Tyskland i forma Thorsten og Torsten, og på Island i forma Þorsteinn. Den norske forma Torstein har ikkje vore blant dei mest brukte namna i Noreg dei siste tre hundre åra, men forma Tosten var mykje brukt på 1700-talet.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Personane i listen er ordna kronologisk etter fødselsår.
- Torstein Guttormsson Fretheim (1808-1874), norsk stortingsmann
- Thorstein Veblen (1857-1929), norsk-amerikansk sosiolog og økonom
- Thorstein Fretheim den yngre (1867-1927), norsk stortingsmann
- Torstein Selvik (1900-1983), norsk stortingsmann
- Thorstein Treholt (1911-1993), norsk stortingsmann
- Torstein Grythe (1918-2009), norsk dirigent
- Torsten Lilliecrona (1921–1999), svensk skodespelar
- Thorstein Rittun (f. 1929), norsk biletkunstnar
- Einar Þorsteinn Ásgeirsson (f 1942), islandsk kunstnar
- Þorsteinn Gylfason (1942–2005), islandsk filosof
- Torstein Bugge Høverstad (f. 1944), norsk forfattar og omsetjar
- Torstein Moland (f. 1945), tidlegare sentralbanksjef
- Torstein Dahle (f. 1947), norsk politikar og leiar i Raudt
- Torstein Rudihagen (f. 1951), norsk politikar (Ap)
- Torstein Tveito (f. 1952), ordførar i Kviteseid
- Torstein Flakne (f. 1960), norsk musikar frå The Kids og Stage Dolls
- Thorsten Flinck (f. 1961), svensk skodespelar, musikar og regissør
- Torstein Aagaard-Nilsen (f. 1974), norsk komponist
- Thorstein Helstad (f. 1977), norsk fotballspelar
- Torstein Lofthus (f. 1977), norsk trommeslagar
- Torstein Sødal (f. 1977), norsk songar
- Torstein Bae (f. 1979), norsk sjakkspelar
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bokmålswikipedia, som oppgjev Nordiskt runnamnslexikon Arkivert 2011-02-25 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Torstein» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2008.