Tito Jackson
Tito Jackson | |||
| |||
Fødd | 15. oktober 1953 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ohio | ||
Død | 15. september 2024 (70 år) | ||
Dødsstad | Gallup | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–2021 | ||
Sjanger | pop, blues, rhythm and blues, soul, rock | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Steeltown Records, Epic Records, Motown | ||
Verka som | gitarist, songar, låtskrivar | ||
Mor | Katherine Jackson | ||
Far | Joe Jackson | ||
Born | TJ Jackson, Taryll Jackson, Taj Jackson |
Toriano Adaryll «Tito» Jackson (15. oktober 1953–15. september 2024) var ein amerikansk songar, den tredje eldste i den musikalske Jackson-familien frå Gary i Indiana, og ein av medlemene i The Jackson 5.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Tito var med i The Jackson 5 heilt frå byrjinga, og ulikt fleire av dei andre syskena sine, satsa han ikkje på nokon solokarriere i ungdomen. Men han song solo på fleire av songane til gruppa, mellom anna We Can Change The World. I 1985 deltok han saman med mange andre artistar på hit-songen We are the World, som skulle vera til hjelp for svoltofra i Afrika.
Tito var gift med Dolores Martes, og dei hadde tre søner saman. Desse tre, ofte omtala som «nevøane til Michael Jackson», danna gutegruppa 3T, som debuterte med soloalbumet Brotherhood i 1995. Særleg singelen Anything frå debutplata vart vidgjeten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tito Jackson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2011.