Thomas Cook
Thomas Cook | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 22. november 1808 Derbyshire |
Død | |
Yrke | gründer |
Språk | engelsk |
Religion | Baptisme |
Nettstad | http://www.thomascook.com/ |
Thomas Cook på Commons |
Thomas Cook (22. november 1808–18. juli 1892) var ein engelsk forretningsmann og grunnleggjaren av det første reisebyrået i verda.
Cook var frå Melbourne i Derbyshire i England. Han vart med i avhaldsrørsla som ung, og i samband med dette organiserte han rimelege «selskapsreiser» for medlemmane. Den første var ei togreise 5. juli 1841 frå Leicester til Loughborough, der 500 britiske avhaldsfolk var med. Han grunnla deretter reisebyrået Thomas Cook and Son. I 1872 organiserte han den første selskapsreisa jorda rundt, som varte i 222 dagar, og tidleg på 1870-talet lanserte han òg dei første reisesjekkane og internasjonale rundreisebilletter.
Særleg Cooks reiser til Austen var populære, og inkluderte alt frå tolk og transportmiddel til telt. Reisebyrået arrangerte til og med pilegrimreiser til Mekka.
Cook-familien var eigarar av reisebyrået fram til 1928.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thomas Cook» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2018.