This av Peter Hammill
This Studioalbum av Peter Hammill | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1998 | |
Innspelt | Januar til juli 1998 | |
Sjanger | Kunstrock | |
Lengd | 49:47 | |
Selskap | Fie! | |
Produsent | Peter Hammill | |
Peter Hammill-kronologi | ||
---|---|---|
Everyone You Hold (1997) |
This | The Appointed Hour (1999)
|
This er det 26. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans Fie! Records i 1998. Det inneheld varierande komposisjonar, frå minimalisme i den siste songen, «The Light Continent», til den røffe, nesten Nadir-aktige «Always is Next», den komplekse «Unrehearsed» og balladen «Since the Kids». Peter Hammill framførte songen «Unrehearsed» mange gonger på konsertane sine. «Nightman» kan høyrast på konsertalbumet Veracious (2006).
Produksjon og instrumentering
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn, miksa og mastra i Peter Hammill sitt eige studio, Terra Incognita i Bath, mellom januar og juli 1998. Alle instrumenta er spelte og sungne av Hammill, utanom fiolin og bratsj av Stuart Gordon, saksofon og fløyte av David Jackson, og trommer og perkusjon av Manny Elias. Hammill sa om albumet at det «ikkje på noko måte er ei 'band'-plate», og rekna «den samlande faktoren er songane og vokalen heller enn instrumenta».[1] Innimellom songane er små instrumentale fragment[1].
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Plateomslaget syner ein trestubbe og forskjellige ting, som indikerer tida som går.[1] Designet vart laga av RidArt (Paul Ridout).
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Peter Hammill.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Frozen in Place (fragment)» | 0:46 |
2. | «Unrehearsed» | 7:05 |
3. | «Stupid» | 4:26 |
4. | «Since the Kids» | 5:56 |
5. | «Nightman» | 6:17 |
6. | «Fallen (the City of Night)» | 5:37 |
7. | «Unready (fragment)» | 0:42 |
8. | «Always is Next» | 3:58 |
9. | «Unsteady (fragment)» | 0:58 |
10. | «The Light Continent» | 14:02 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Alle instrument og all vokal av Peter Hammill utanom:
- Manny Elias – trommer & perkusjon (2, 3, 6, 8)
- Stuart Gordon – fiolin & bratsj (2, 5, 6, 7, 8, 9, 10)
- David Jackson – saksofon & fløyte (2, 3, 5, 8, 10)
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita i Bath)
- Paul Ridout - design & kunstnarisk leiar
Notes
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «This (Peter Hammill album)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: