Tanaro
Tanaro | |||
elv | |||
Nær Alessandria
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 8 234 km² | ||
Lengd | 276 km | ||
Middelvassføring | 123 m³/s | ||
Kjelde | Dei liguriske Alpane ved Monte Saccarello | ||
Munning | Po nær Bassignana | ||
Tanaro 45°00′22″N 8°46′08″E / 45.006°N 8.769°E | |||
Wikimedia Commons: Tanaro |
Tanaro (i antikken Tanarus) er ei 276 km lang elv nordvest i Italia. Elva har utspring i Dei liguriske Alpane, nær grensa til Frankrike og er den viktigaste sideelva til Po frå høgre ut i frå lengd, nedslagsfelt (som delvis dekkjer Alpane og delvis Appenninane) og vassføring.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]Tanaro startar frå Liguria der to mindre elvar renn i saman, Tanarello og Nerone, som begge kjem frå Piemonte. Kjelda til Tanarello er i fjellsida til Monte Saccarello ovanfor Monesi, ein landsby i kommunen Triora (IM). Dette fjellet strekkjer seg inn i det franske departementet Alpes-Maritimes og dekkjer provinsen Cuneo (Piemonte) og provinsen Imperia (Liguria) i Italia. Fjellet markerer grensa mellom tre forskjellige nedslagsfelt: Tanaro sitt, det til Roya, som startar i Frankrike, men renn ut i havet ved Ventimiglia, og Argentina, som renn ut i Liguriahavet ved Taggia.
Kjelda til Negrone ligg 10 km lenger nord, svært nær den franske grensa og sør for Punta Marguereis.
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Dei største sideelvane til Tanaro er Stura di Demonte frå venstre og Bormida og Belbo frå høgre.
Elveleie
[endre | endre wikiteksten]Tanaro renn forbi byane Ceva, Alba, Asti og Alessandria før ho munnar ut i Po nær Bassignana i provinsen Alessandria. Elva fram til samløpet med Po er rundt 50 km lenger enn Øvre Po.[1]
Vassføring
[endre | endre wikiteksten]Vassføringa i elva varierer stort med årstidene. Sjølv om ho er den einaste av Po sine sideelvar frå høgre som har opphav i Alpane, er Dei liguriske Alpane for låge og for nær sjøen til at dei har mykje snø eller isbrear store nok til å gje ei jamn tilførsel av vatn om sommaren. Vassføringa i elva varierer derfor meir som ei elv frå Appenninane, lågast om sommaren og høgast om våren og hausten.
Flaum
[endre | endre wikiteksten]Elva er ofte utsett for flaum. I løpet av 200 år frå 1801 til 2001 har delar av Tanarobassenget vore råka av flaum 136 gonger, den mest alvorlege i november 1994 då heile dalen vart hardt råka og særleg byen Alessandria.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tanaro» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- SUL MONTE SACCARELLO Una camminata alla scoperta delle sorgenti del Tanaro Arkivert 2006-07-20 ved Wayback Machine.
- F. Luino (2003). «49: Flooding Vulnerability of a Town in the Tanaro Basin: The Case of Ceva (Piedmont - Northwest Italy)». I V.R.Thorndycraft, G. Benito, M. Barriendos og M.C. Llasat. Palaeofloods, Historical Floods and Climatic Variability: Applications in Flood Risk Assessment (PDF). Henta 18. juni 2006.
- Fotnotar
- ↑ «Tanaro Po, Italy». acquabuona.it. 2009. Henta 6. april 2009.