Svendborg
Utsjånad
Svendborg | |||
by | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Folketal | 27 210 (2019) | ||
Svendborg 55°03′35″N 10°36′36″E / 55.059722222222°N 10.61°E | |||
Wikimedia Commons: Svendborg |
Svendborg er ein by søraust på øya Fyn i Danmark. Byen har 27 054 ibuarar (2021) og er administrasjonssenter i Svendborg kommune. Svendborg ligg vakkert til på skråningar ned mot ei hamn, og lystbåthamn, med ferjesamband til Ærø og andre øyar sør om Fyn.
Næringsmiddelindustrien i Svendborg sysselset mange menneske, sjukehuset er også ein stor arbeidsplass. Her er høgskular og fagskular der det vert utdanna folk til sjukepleie, sjøfart og dykking.
Svendborg vart kjøpstad i 1253 og har mange gamle bygningar. St. Nikolai Kirke er frå 1220 og bygd romansk stil. Svendborg er venskapsby med Bodø.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Svendborg i Store norske leksikon