Hopp til innhald

Sturla Brørs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sturla Brørs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1965 (59 år)
Yrke langrennsløpar

Sturla Brørs (fødd 7. oktober 1965) er ein tidlegare langrennsløpar. Han gjorde sitt beste noregsmeisterskap i Vang i Hedmark i 1989. Fyrst på tremila, og sidan på den halve distansen, vann han bronsemedaljen. På tremila vart han slegen av Vegard Ulvang og Tor Håkon Holte, på 15 km var det Pål Gunnar Mikkelsplass og Oddvar Brå som kom føre hann på resultatlista. Brørs var 24 sekundar bak tremilsmeisteren i mål, og 20 sekund bak vinnaren på 15 km. Som den yngre broren Sigurd Brørs tevla han for Surnadal Idrettslag.

Besteplasseringar i internasjonale renn

[endre | endre wikiteksten]
  • 1987: Nr 9 på 50 km Holmenkollen
  • 1989: Nr 5 på 30 km i Falun
  • 1989/90: Nr 7 på 15 km i Soldier Hollow
  • 1991:
  • 1992: Nr 14 på 30 km i Kavgolovo
  • 1993: Nr 14 på 30 km i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Brørs la opp i 1995.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar