Stian Eckhoff
Utsjånad
Stian Eckhoff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. september 1979 (45 år) Trondheim |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006 |
Stian Eckhoff (fødd 3. september 1979 i Trondheim) er ein tidlegare norsk skiskyttar.
Eckhoff byrja med skiskyting som tiåring og vart med på junior-landslaget som 17-åring. Han har deltatt i verdscupen sidan 2000. Han vann sin første verdscupsiger på sprinten i Östersund i 2004, og sin andre på same distanse på same stad året etter. I 2004/05-sesongen kom han på tiande plass samanlagt i verdscupen, og var dermed nest beste nordmann etter Ole Einar Bjørndalen. Under VM i Hochfilzen i 2005 var han med på å vinna stafettgull for Noreg.
Eckhoff la opp i 2009 då han korkje fann plass på landslaget eller rekrutteringslandslaget.
Eckhoff er bror til skiskyttaren Kaja Eckhoff, som har vore junior-verdsmeister.
Kortfatta merittliste
[endre | endre wikiteksten](per 12. desember 2007)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste sesong: 10. plass (2004/05)
- Verdsmeisterskap:
- Olympiske leikar:
- Beste individuelle plassering: 16. plass (20 km, Torino 2006)
- Verdscuprenn:
- 2 gull, 5 bronse