Stavrim
Utsjånad
Stavrim er ei form for framrim nytta i norrøn dikting.
Stavrimet krev at det er lydlikheit framfor ein trykksterk vokal i to eller tre ord i eit linjepar. Det kan vera same konsonant, eller det kan vera ein nullkonsonant, dvs. ingen lyd framfor dei trykksterke vokalane.
Eddadikt består av ei rekke med langlinjer, som kvar består av to kortlinjer. Kvar kortlinje har to trykksterke vokalar (toppar). Dei to kortlinjene er bundne saman med stavrim på den måten at begge eller éin av dei to første toppane skal ha stavrim. Den tredje skal alltid ha stavrim, og blir kalla hovudstav. Den fjerde har normalt ikkje stavrim.
Døme | |
---|---|
|
|
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stavrim» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2024.