State University of New York
State University of New York | |||
| |||
| |||
Grunnlagt | 1948 | ||
---|---|---|---|
Stad | New York | ||
Medlemskap | ORCID | ||
Nettstad | https://suny.edu (engelsk) | ||
State University of New York 42°38′54″N 73°44′59″W / 42.64834154557°N 73.749715288349°W |
State University of New York (SUNY) er eit delstatsuniversitet i staten New York i USA. Det vart grunnlagt i 1816 og har i dag studium ved åtte universitet, fire av universitetssentra sp, ligg ved Cornell University, femten høgskolar (college, åtte tekniske høgskolar og tretti lokale høgskolar (community colleges). SUNY er det største universitetssystemet i USA, og eit av dei største i verda.
Universitetet i Buffalo vart opphavleg etablert i 1846 som eit privat universitet med medisinsk fakultet, og vart i 1962 fusjonert med State University of New York. I dag er Universitetet i Buffalo (State University of New York at Buffalo) med sine 28 192 studentar (2008) (av det 19 022 undergraduate), 1 827 akademisk tilsette, 83 Bachelorgradstudium, 133 Mastergradstudium, 78 doktorgradsstudium og 4 profesjonsstudium, tre campus (Amherst og to i sentrum), forskningsmidlar på USD 323 000 000 (2007) og årleg budsjett på USD 1 300 000 000 (2007); sjølve flaggskipet i det statlege universitetssystemet i New York. State University of New York at Buffalo er medlem av Association of American Universities.
Lærestaden ved Binghamton høyrer til gruppa av offentlege, høgkvalitets-universitet med særs høg akademisk standard - den såkalla Public Ivy-gruppa.
I 2007 var det i alt 427 000 studentar innskrive på fulltid, deltid, gjennom fjernundervisning eller etter- og vidareutdanning. Det var 99 778 regulære studentar på bachelor- eller masterstudia ved SUNY i 2006, pluss studentane ved sjølvstendige college og community college. Skulepengane er US$ 4 800 - 6 000, avhengig av studiestad, men US$ 9 166 ved medisinstudia.
Studiestadar og campus
[endre | endre wikiteksten]Studiestadane ved SUNY er:
Universitet
[endre | endre wikiteksten]- SUNY University at Buffalo (1846) - 28 192 studentar (2008) opp til doktorgrad
- SUNY at Binghamton (1946) - 14 373 studentar opp til doktorgrad
- SUNY University at Albany (1844) - 17 434 studentar opp til doktorgrad
- SUNY at Stony Brook (Stony Brook University) (1957) - 22 522 studentar opp til doktorgrad
- SUNY State College of Environmental Science & Forestry - 2 069 studentar opp til doktorgrad
- SUNY State College of Optometry - 270 studentar på fulltid knytte til eige sjukehus
- SUNY Downstate Medical Centre, Brooklyn (1858) - 1 609 studentar opp til doktorgrad
- SUNY Upstate Medical University, Syracuse (1950) - 1 236 studentar opp til doktorgrad
- Cornell University SUNY College of Agriculture and Life Sciences inkl New York State Agricultural Experiment Station
- Cornell University SUNY College of Human Ecology
- Cornell University SUNY College of Veterinary Medicine|
- Cornell University SUNY School of Industrial and Labor Relations
College
[endre | endre wikiteksten]- SUNY Empire State College (1971) - 12 038 vaksne studentar opp til mastergrad
- SUNY at Fredonia (1826) - 5 540 studentar opp til mastergrad
- SUNY College at Brockport (1867) - 8 312 studentar opp til mastergrad
- SUNY at Canton (1906) - 2 359 studentar innan teknologifag opp til mastergrad
- SUNY at Cobleskill (1916) - 2 500 studentar innan teknologifag opp til mastergrad
- SUNY College at Cortland - 6 995 studentar opp til mastergrad
- SUNY at Delhi - 2 483 studentar innan teknologifag opp til bachelorgrad
- SUNY at Farmingdale (1912) - 5 280 studentar opp til bachelorgrad
- SUNY at Morrisville (1908) - 3 262 studentar opp til bachelorgrad
- SUNY College at Geneseo - 5 530 studentar opp til mastergrad
- SUNY at New Paltz (1828) - 7 699 studentar opp til mastergrad
- SUNY at Oswego (1861) - 8 813 studentar opp til mastergrad
- SUNY College at Old Westbury - 3 450 studentar opp til mastergrad
- SUNY College at Oneonta - 5 786 studentar opp til mastergrad
- SUNY at Plattsburgh (1889) - 6 217 studentar opp til mastergrad
- SUNY College at Potsdam - 4 332 studentar opp til mastergrad
- SUNY at Purchase (Purchase College) - 4 000 studentar innan musikkfag
- SUNY Institute of Technology, Utica (1966) - 2 587 studentar opp til Mastergrad
- SUNY Maritime College (1874) - 1 316 studentar opp til mastergrad
- Alfred State College (1908) - 3 200 studentar innan teknologifag
- Buffalo State College (1867) - 11 220 studentar opp til mastergrad
- Fashion Institute of Technology (1944) - 10 101 studentar opp til mastergrad
- SUNY College of Agriculture & Technology at Cobleskill - 2 506 studentar opp til bachelorgrad
I tillegg til dette er det og underliggande community colleges.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «State University of New York» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2009.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |