Spread Your Wings
Spread Your Wings Singel av Queen frå albumet News of the World | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. februar 1978 | |
Innspelt | 1977 at Sarm West and Wessex Studios | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:32 | |
Selskap | EMI, Elektra (US) | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent | Queen og Mike Stone | |
Queen-kronologi | ||
«We Are the Champions» /«We Will Rock You» (1977) |
Spread Your Wings | «It's Late» (1978)
|
«Spread Your Wings» er ein ballade av rockebandet Queen, gjeven ut i 1977 på albumet News of the World.[1] Han var skriven av bassisten John Deacon, og gjeven ut på singel med «Sheer Heart Attack» som B-side i 1978. Freddie Mercury spelar piano og vokal, Brian May spelar elektrisk gitar, Roger Taylor spelar trommer og John Deacon bassgitar. Ein konsertversjon av songen finst på albumet Live Killers frå 1979.[1] Singelen nådde 34. plassen på singellista i Storbritannia.
Teksten skildrar ein ung, uroleg mann, Sammy, som arbeider på The Emerald Bar, der han kostar golvet.[2] Forteljaren oppfordrar Sammy til å forfølgje draumane sine, og bed han om «spreie vengjene og fly av stad» (spread your wings and fly away).[2]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - solovokal, piano
- Brian May - elektrisk gitar
- Roger Taylor - trommer
- John Deacon - bassgitar, akustisk gitar
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[3] | 20 |
Nederland (Mega Single Top 100)[4] | 26 |
UK Singles (Official Charts Company)[5] | 34 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen vart spelt av det tyske power metal-bandet Blind Guardian i 1992 på albumet Somewhere Far Beyond. Den same innspelinga kom ut på The Forgotten Tales i 1996.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Spread Your Wings» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Your Wings News of the World: Spread Your Wings (Track 5) Ultimate Queen. Henta 29. juni 2016
- ↑ 2,0 2,1 Spread Your Wings Allmusic. Henta 29. juni 2016
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Queen search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 6 Oktober 2013.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Queen – Spread Your Wings" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 18. juni 2013.
- ↑ "februar 1978/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 6 Oktober 2013.