Songaren Tony Williams
Tony Williams | |||
Fødd | 5. april 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Elizabeth | ||
Død | 14. august 1992 (64 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Fødenamn | Samuel Edward Williams | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1953–1992 | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | musikar, songar |
Samuel E. «Tony» Williams (5. april 1928–14. august 1992)[1] var ein USA-amerikansk songar, mest kjend som frontmann i The Platters[2] frå 1953 til 1960.[3] Williams var fødd i Elizabeth i New Jersey, og døydde i New York av emfysem.[3]
Syster hans, R&B-songaren Linda Hayes var avgjerande for at Williams vart medlem av The Platters, som vart oppdaga og styrt av Buck Ram.[2] I ein krangel om pengar, slutta Williams i The Platters for å satse på ein solokarriere, og fortsette å arbeide med Ram.[4]
Williams vart vald inn i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Platters i 1990. Williams turnerte med sin eigen variant av The Platters, kalla The International Platters, med kona Helen Williams. Den musikalske leiaren William Gulino arbeidde på og av med Tony Williams og The Platters frå 1978 til 1992.
Solodiskografi
[endre | endre wikiteksten]- Magic Touch of Tony - Philips PHS-600-051 - 1962
- A Girl Is a Girl Is A Girl - 1961
- Tony Williams Sings His Greatest Hits - 1994
- The Voice of The Platters - Vintage Music -2014
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tony Williams (singer)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues - A Regional Experience. Santa Barbara: Praeger Publishers. s. 265. ISBN 978-0313344237.
- ↑ 2,0 2,1 Gilliland, John (1969). «Show 5 - Hail, Hail, Rock 'n' Roll: The rock revolution gets underway. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ 3,0 3,1 Published: August 16, 1992 (16. august 1992). «Tony Williams, 64; Platters' Lead Singer - New York Times». Nytimes.com. Henta 11. januar 2014.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 14 - Big Rock Candy Mountain: Rock 'n' roll in the late fifties. [Part 4]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.