Snøkvit
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om eventyret. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Snøkvit (fleirtyding).
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/65/SnowWhite.png/220px-SnowWhite.png)
Snøkvit (på tysk Schneewittchen) er ein eventyrskikkelse frå eit europeisk folkeeventyr, med kongsdottera Snøkvit som hovudperson. Eventyret fortel korleis stemora, som er dronning i landet og dessutan heks, prøver å drepe Snøkvit. Det er særleg blitt kjent i den tyske versjonen, skrive ned av Grimm-brørne og utgjeve for fyrste gong i eventyrsamlinga dei gav ut i 1812. Eventyret har sidan den gongen blitt eitt av dei mest kjende og utbreidde eventyra i verda, og har kome i mange utgåver, blant anna i Walt Disneys berømte teiknefilmversjon Snøkvit og dei sju dvergane frå 1937.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Illustrasjon til Schneewittchen av Franz Jüttner.
-
Illustrasjon til Schneewittchen av Franz Jüttner