Sivilombodet
Sivilombodet | |||
| |||
Type | Ombodsmann | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 974 761 270 | ||
Skipa | 22. juni 1962 | ||
Hovudkontor | Akersgata 8, Oslo | ||
Sivilombudsmann | Aage Thor Falkanger[1] | ||
Verkeområde | Noreg | ||
Tilsette | 64 (i 2015)[2] | ||
Eigarskap | Stortinget | ||
Nettstad | www.sivilombudet.no |
Sivilombodet, tidlegare Sivilombodsmannen (formelt Stortingets ombodsmann for forvaltninga), er Stortinget sin ombodsmann for den sivile forvaltninga. Sivilombodsmannen har til oppgåve å sikre at offentlege styresmakter (kommune, fylkeskommune og staten) ikkje gjer urett mot den enkelte borgaren.
Oppgåver
[endre | endre wikiteksten]Sivilombodet kontrollerer den offentlege forvaltninga på grunnlag av klager frå folk som meiner at det er gjort urett og feil mot dei frå forvaltninga si side. Både statleg, kommunal og fylkeskommunal forvalting ligg under ombodet sitt saksområde. Ombodet kan òg ta opp saker av eige tiltak, altså utan at det ligg føre klage frå andre.
Det kostar ikkje noko å klage til Sivilombodet. Alle kan gjere det ved å fylle ut eit klageskjema eller ved å skrive eit brev. Klaga må alltid vere skriftleg. Straks klaga er komen inn, går ein saksførehavar gjennom ho og vurderer om det ligg til ombodet å handsame ho. Dersom saka ikkje kan handsamast, får klagaren ei grunngjeve melding om dette innan to veker.
Kjem ombodet til at det er grunn til å sjå nærare på saka, får klagaren eit førebels svar før det vert vurdert om saka skal takast opp med det forvaltningsorganet som klaga gjeld. Er det etter ombodet sitt syn grunnlag for nærare gransking, får forvaltningsorganet høve til å svare på klaga og på eventuelle spørsmål som ombodet har stilt i tillegg. Klagaren får deretter høve til kommentere svaret frå forvaltningsorganet. Ombodet vil til slutt seie si meining om saka. Eventuell kritikk frå ombodet er ikkje formelt bindande for forvaltningsorganet, men det er praksis for at forvaltningsorganet vil fylgje tilrådingar og rette seg etter kritikk frå ombodet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Aage Thor Falkanger tiltrer som sivilombudsmann». Sivilombudsmannen. 16. juni 2014. Henta 4. mai 2016.
- ↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase