Silly Love Songs
Silly Love Songs Singel av Wings frå albumet Wings at the Speed of Sound | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 1. april 1976 | |
Innspelt | 16. januar 1976 | |
Sjanger | Disco, funk | |
Lengd | 5:53 | |
Selskap | Capitol | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Wings-kronologi | ||
«Venus and Mars/Rock Show» (1975) |
Silly Love Songs | «Let 'Em In» (1976)
|
«Silly Love Songs» er ein song skriven av Paul McCartney og Linda McCartney og framført av Wings. Songen kom ut i 1976 på albumet Wings at the Speed of Sound. Songen vart gjeven ut som singel i 1976, med B-sida «Cook of the House». Songen vart skriven som eit svar til musikkritikarar som skulda McCartney for berre å skrive «dumme kjærleikssongar» og «sentimentalt kliss», og hadde òg element av disco.[1]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Den amerikanske singelen vart gjeven ut den 1. april 1976[2] og låg fem veker på rad på toppen av Billboard Hot 100.[3][4] «Silly Love Songs» vart òg rangert øvst på årslista til Billboard for 1976. Det var òg den andre av tre songar gruppa hadde på toppen av Easy Listening-lista.[5] Singelen selde til gullplate i USA for meir enn ein million selde eksemplar.[6] Billboard rangerte òg «Silly Love Songs» som den beste av alle singlane Paul McCartney gav ut på Hot 100.[7] I 2008 vart songen rangert på 31. plassen på lista over dei beste songane på Billboard-lista gjennom tidene.[8] I Storbritannia kom singelen ut 30. april 1976[2] og nådde andreplassen på UK Singles Chart.[9][10]
Songen var den 27. førsteplassen til McCartney som låtskrivar, som var ny rekord for ein låtskrivar. Med denne songen vart McCartney den første personen som hadde førsteplassar på ei Billboard-årsliste som medlem av to forskjellige band. Dei første på ei slik liste var «I Want to Hold Your Hand» i 1964 og «Hey Jude» i 1968.
«Silly Love Songs» har sidan kome ut på mange samlealbum av McCartney.
Andre innspelingar
[endre | endre wikiteksten]I 1976 gav Wings ut eit konsertopptak av «Silly Love Songs» for det triple konsertalbumet Wings Over America. I 1984, tre år etter Wings var oppløyst, spelte Paul McCartney inn «Silly Love Songs» for filmmusikkalbumet til Give My Regards to Broad Street.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
All-time-liste[endre | endre wikiteksten]
|
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Wings
[endre | endre wikiteksten]- Paul McCartney – solovokal, bass
- Linda McCartney – korvokal, klaverinstrument
- Jimmy McCulloch – sologitar
- Denny Laine – korvokal, rytmegitar
- Joe English – trommer
Andre musikarar
[endre | endre wikiteksten]- Tony Dorsey – trombone
- Thaddeus Richard – saksofon
- Steve Howard – trompet
- Howie Casey – saksofon
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1977 spelte den walisiske songaren Shirley Bassey inn songen på albumet hennar You Take My Heart Away.[24]
- I 1978 framførte den britiske popsongaren Greg Bonham songen på ein konsert i Moskva som kom ut på eit album (Melodiya ?60–11121-2).[25]
- I 1995 spelte det amerikanske rockebandet The Replicants inn songen på albumet Replicants, med Maynard James Keenan på vokal.[24][26]
- I 1996 framførte Red House Painters songen på albumet deira Songs for a Blue Guitar.[27]
- Wings-medlemmet Denny Laine spelte inn «Silly Love Songs» på albumet sitt Wings at the Speed of Denny Laine.[28]
- I 1998 spelte den amerikanske songaren Stevie B inn ein versjon for albumet sitt Right Here, Right Now.
- I 1999 gav den newzealandske gruppa Ardijah ut ein R&B-versjon av songen. Denne toppa den newzealandske singellista i ei veke de 14. februar 1999.[29]
- I 2001 song Nicole Kidman og Ewan McGregor songen i «Elephant Love Medley» i filmen Moulin Rouge!
- I 2011 vart songen nytta i ein episode av Glee.[30][31] Songen vart framført av Darren Criss (som speler Blaine Anderson).
- I 2015 spelte John Pizzarelli inn songen på albumet sitt Midnight McCartney.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Silly Love Songs» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «The Billboard Hot 100 All-Time Top Songs (40-31)». Billboard. 2009. Henta 29. august 2009.
- McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. New York: Taylor Trade Publishing. ISBN 0-87833-304-5.
- ↑ McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 152
- ↑ 2,0 2,1 McGee 2003, s. 210.
- ↑ McGee 2003, s. 232.
- ↑ «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 21. mai 2018.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 163.
- ↑ «Gold & Platinum Searchable Database - 06. juni 2014». RIAA. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 21. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney's Top 10 Billboard Hits». Henta 21. mai 2018.
- ↑ Billboard 2009.
- ↑ McGee 2003, s. 240.
- ↑ «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 21. mai 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Silly Love Songs". Irish Singles Chart.
- ↑ "Charts.org.nz – Wings – Silly Love Songs". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 21. mai 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Wings – Silly Love Songs" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 21. mai 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Wings – Silly Love Songs". VG-lista. Hung Medien. Henta 21. mai 2018.
- ↑ "Chart Stats – Wings – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 21. mai 2018.
- ↑ "Wings Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Wings. Prometheus Global Media. Henta 6. februar 2018.
- ↑ "Wings Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Wings. Prometheus Global Media. Henta 6. februar 2018.
- ↑ «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 19. mars 2016. Henta 21. mai 2018.
- ↑ «Top 50 Singles of 1976». Music Week (London, England: Spotlight Publications): 25. 25. desember 1976.
- ↑ «Pop Singles» Billboard 25. desember 1976: Talent in Action-6
- ↑ Top 50 Adult Contemporary Hits of 1976
- ↑ Bronson, Fred (2. august 2012). «Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top 100 Songs». Billboard. Henta 9. august 2013.
- ↑ 24,0 24,1 «Original versions of Silly Love Songs by Shirley Bassey». SecondHandSongs. 25. mars 1976. Henta 21. mai 2018.
- ↑ [1] Arkivert 24. april 2006 ved Wayback Machine.
- ↑ «Replicants - Replicants». Discogs (på engelsk). Henta 21. mai 2018.
- ↑ «Red House Painters - Songs For A Blue Guitar». Discogs. Henta 21. mai 2018.
- ↑ «Performs the Hits of Wings». Allmusic. Henta 21. mai 2018.
- ↑ «ARDIJAH - SILLY LOVE SONGS (SONG)». Arkivert frå originalen 15. mars 2018. Henta 21. mai 2018.
- ↑ «Glee Season 2 Episode 12: Silly Love Songs | The Official Music for Glee Site». Gleethemusic.com. Henta 21. mai 2018.
- ↑ Erica Futterman (9. februar 2011). «'Glee' Recap: 'Silly Love Songs' Hits the Right Note | Culture News». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. september 2011. Henta 21. mai 2018.
- Singlar frå 1976
- Songar skrivne av Paul McCartney
- Wings-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista
- Capitol Records-singlar
- Songar frå 1976
- Songar om musikk
- Discosongar
- Funksongar
- Shirley Bassey-songar
- Paul McCartney-songar
- Nicole Kidman-songar
- Ewan McGregor-songar