Shay Brennan
Fødd | 6. mai 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Manchester | ||
Død | 9. juni 2000 | ||
Dødsstad | Waterford |
James Seamus Anthony Brennan, kjend som Shay Brennan, (6. mai 1937–9. juni 2000) var ein irsk fotballspelar fødd i Manchester i Storbritannia. Med Manchester United vart han to gongar ligameister og vinnar av europacupen i 1968, med Waterford FC i Irland vann han to seriemeisterskap somm spelande trenar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Brennan debuterte på Manchester United i ein FA-cupkamp mot Sheffield Wednesday 19. februar 1958, klubbens fyrste kamp etter flyulukka i München der 8 spelarar omkom. Brennan var vengspelar og skåra to av målå då United vann 3-0. Etter nokre sesongar i anprepsrekka flytta trenaren Matt Busby han ned på høgrebackplass i 1961. Brennan fekk ikkje plass mellom dei utvalde 11 til FA-cupfinalen 1963, men var fast i laget då Manchester United tok heim ligatittelen i 1965 og på ny i 1967. Høgdepunktet kom då United, med Brennan på plass, slo Benfica i europacupfinalen 1968 på Wembley stadion og vart det fyrste engelske laget som triumferte i serievinnarcupen.
Etter han hadde falle utom fyrsteellevaren i United flytta Brennan i 1970 til Waterford FC i Irland. Dei fire åra fram til 1974 var han spelande trenar for laget, som både i 1972 og 1973 vart irsk seriemeister.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Brennan spelte 19 kampar på Irlands landslag i åra 1965-66 og 1969-70. Han debuterte med ein heimesiger mot Spania, men sidan opplevde han einast to sigrar med landslaget og kom aldri på skåringslista.
Brennan døydde av hjertesvikt i Waterford, 63 år gammal, medan han spelte golf.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shay Brennan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2018.