Sgurr Alasdair
Sgurr Alasdair | |||
fjell | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Black Cuillin | ||
Høgd | 993 moh. | ||
Primærfaktor | 992 m | ||
Lettast tilkomst | Småklatring | ||
Førstestiging | Alexander Nicolson, 1873 | ||
Koordinatar | 57°12′23.74″N 6°13′19.99″W / 57.2065944°N 6.2222194°W | ||
Sgurr Alasdair 57°12′24″N 6°13′27″W / 57.206589°N 6.224143°W | |||
Wikimedia Commons: Sgurr Alasdair |
Sgurr Alasdair er det høgste fjellet i fjellkjeda Black Cuillin og det høgste fjellet på Isle of Skye i Skottland. På same måten som resten av fjellkjeda, er det bygt opp av gabbro, ein bergart som eignar seg svært godt til fjellklatring.
Som med andre fjell i Cuillin-fjellkjeda, må ein tole høgder og å bruke hendene for å kome seg til toppen. Den minst krevjande ruta følgjer the Great Stone Shoot («det store steinspranget») – ei steinrøys som går oppover frå dalbotnen Coire Lagan og møter hovudryggen under toppen. Ein må så småklatre litt den siste biten, før ein kjem til den skarpaste toppen i Cuillin.
Andre ruter krev gode ferdigheiter innanfor småklatring eller klatring med tau. Toppen av Sgurr Alasdair kan verte nådd ved å ta ein kort omveg frå hovudryggen for klatrarar som vil utnytte heile potensialet sitt på Cuillin-fjellkjeda, eller dei som følgjer steinrøysa opp frå Coire Lagan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sgurr Alasdair» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2007.