Hopp til innhald

Sesto San Giovanni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sesto San Giovanni
by
Moderne arkitektur i Sesto San Giovanni
Land  Italia
Region Lombardia
Provins Milano
Areal 11,7 km²
Folketal 78 884  (1. januar 2023)
Postnummer 20099
Retningsnummer 02
Kart
Sesto San Giovanni
45°32′00″N 9°14′00″E / 45.533333333333°N 9.2333333333333°E / 45.533333333333; 9.2333333333333
Wikimedia Commons: Sesto San Giovanni

Sesto San Giovanni er ein by i provinsen Milano i regionen Lombardia i Italia med om lag 85 000 innbyggjarar.

Sesto San Giovanni var lenge berre ei uviktig lita grend, men utover 1800-talet og tidleg på 1900-talet voks han kraftig og fleire industriselskap slo seg ned her som Falck, Campari, Marelli og Breda. I denne perioden steig folketalet frå 5 000 innbyggjarar i 1880 til 14 000 i 1911. Etter den andre verdskrigen flytta mange frå Sør-Italia til Sesto og folketalet auka til 95 000 i 1981. Sesto var lenge kjend som Italia sitt svar på Stalingrad sidan partiet PCI, det italienske kommunistpartiet stod sterkt her.

I 1990-åra vart Sesto San Giovanni råka av ei økonomisk krise og alle dei historiske selskapa la ned kontora sine i byen. Byen klarte å kome seg ut av krisa med å satse på andre industriar enn produksjon av stål og klarte dermed å unngå skjebnen til mange andre stålproduserande byar som Sheffield i England og Flint i Michigan . Arbeidsløysa er låg sidan store selskap har opna kontor i Sesto, som ABB Group, Wind, Impregilo og Oracle Corporation.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sesto San Giovanni