Hopp til innhald

Sassari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sassari
by
Land  Italia
Region Sardinia
Provins Sassari
Areal 547,04 km²
Folketal 121 021  (1. januar 2023)
Borgarmeister Gianfranco Ganau
Postnummer 7100
Retningsnummer 079
Kart
Sassari
40°43′36″N 8°33′33″E / 40.726666666667°N 8.5591666666667°E / 40.726666666667; 8.5591666666667
Wikimedia Commons: Sassari

Sassari (sassarisk Sassari) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Sassari i regionen Sardinia. Med om lag 130 000 innbyggjarar er han den nest største byen på Sardinia etter Cagliari. Sassari er òg ein av dei eldste byane på øya og har kanskje den flottaste samlinga av sardisk kunst.

Domkyrkja St. Nicholas i Sassari.

Sassari vart truleg grunnlagd tidleg i mellomalderen av innbyggjarane frå den gamle romerske hamnebyen Turris Lybisonis (i dag Porto Torres, som til då hadde vore den viktigaste byen på øya) etter at sarasenarar plyndra langs kysten frå sjøen. Landsbyen Tathari vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1113. Sassari vart plyndra av genuesarane i 1166. Innflyttinga heldt fram og tidleg på 1200-talet var Sassri den folkerikaste byen i giudicato av Torres. Etter at den siste domaren i denne giudicatoen vart myrda i 1274 vart Sassari underlagd Republikken Pisa med delvis sjølvstende.

I 1294 vart Pisa erobra av Genova sin flåte i slaget ved Meloria, og byen vart heilt sjølvstendig. Han var den første og einaste frie kommunen på Sardinina og vart ein alliert av Genova.

Frå 1323 og fleire hundreår framover kom byen inn under Aragon, men gjorde fleire opprør. Genova prøvde å erobre byen, men klarte det ikkje. I 1391 vart han erobra av Brancaleone Doria og Marianus V av Arborea til Giudicato av Arborea, der han vart hovudstad, men i 1420 kom han igjen tilbake til Aragon. Aragon vart erstatta av spanjolane i 1479. I 1527 vart han plyndra av franskmennene. Under Catalonia og så Spania vart byen kalla Sàsser. Byen leid av at han vart økonomisk utnytta, i tillegg til korrupte leiarar. I 1528 og 1652 vart han råka av pest.

Ein periode under Det tysk-romerske riket (1708-1717) vart etterfølgt av Kongedømet Sardinia (1720-1861), før Sassari vart ein del av det nye Kongedømet Italia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sassari