Sandkake
Sandkaker eller sandbakkels er tradisjonelle norske småkaker ein gjerne bakar til jul. Kakedeigen inneheld smør og sukker, egg, kveitemjøl, mandlar og bakepulver. Ein trykkjer deigen ut i smurte sandkakeformar og steikar dei i omnen.
Sandkaker kan nyttast som kaffimat slik dei er eller i lag med med bær, syltetøy og piska krem.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ei oppskrift på sandkaker stod i ei norsk kokebok frå 1845, men dei blei først utbreidde i slutten av 1800-talet. Sandkaker blei seinare populære enn den liknande kaketypen krumkake, ettersom ein treng fint mjøl for å laga dei, og dette lenge ikkje var lett å få tak i.[1]
Gjennom norsk utvandring til Amerika blei oppskriftene og formene til sandkaker tekne med til USA, og sandkaker eller sandbakelse er blitt ein del av juletradisjonen til mange norsk-amerikanarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Stokker, Kathleen (2001). Keeping Christmas: Yuletide Traditions in Norway and the New Land. St. Paul, Minn.: Minnesota Historical Society Press. s. 27.
- Aase Strømstad: Mat på norsk. Tradisjonsrike retter fra hele landet, Aschehoug forlag 1985, side 94 og 97, ISBN 82-03-11408-3
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sandbakelse» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Sandkaker. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker. |