Roger Staub
Roger Staub | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 1. juli 1936 Arosa |
Død | 30. juni 1974 (37 år) Verbier |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1956, alpine skiing at the 1960 Winter Olympics – men's giant slalom |
Roger Staub (1. juli 1936–30. juni 1974) var ein sveitsisk skirennar som vart olympisk meister i storslalåm under Vinter-OL 1960. Han var frå Arosa i kantonen Graubünden.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Staub debuterte i internasjonale meisterskap under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo med ein fjerdeplass i utfor. Under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein vann han sølvmedaljen i utfor, kom på delt bronseplass med franske François Bonlieu storslalåm og vart nummer fem i slalåm. Også i den alpine kombinasjonen(slalåm/utfor) kom han på tredjeplass.
Høgdepunktet som alpinist kom under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, då Staub vart olympisk meister i storslalåm, fire tidels sekund føre Pepi Stiegler frå Austerrike. I utfortevlinga kom han på femteplass. Han la opp som aktiv skirennar i 1961.
Staub omkom i 1974 under hanggliding i Verbier.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Roger Staub – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Denne artikkelen bygger på «Roger Staub» frå Wikipedia på tysk, den 23. januar 2012.