Hopp til innhald

Riksveg 5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksveg 5
Stamveg 5 logo
Strekning
FlorøHåbakken i Lærdal
Riksveg 5
Informasjon
Lengd 152,7
Status riksveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Riksveg 5 Riksveg 5 Riksveg 5 55

Riksveg 5 (Rv5) er ein stamveg som går mellom Ytre Sunnfjord og Indre Sogn i Vestland fylke. Vegen (unnateke ferjestrekninga og felles trasé med E39) er 152,7 km lang.

Med utgangspunkt der Europaveg 16 går inn i Lærdalstunnelen, omtrent fem kilometer sørom Lærdalsøyri, går vegen nordvest til Sogndal og Fjærland og derfrå nordover til Jølster og så vestover til Florø.

Riksveg 5 hadde opphavleg traséen Florø - Eikefjord - Ramsdalsheia - Naustdal - Førde - Moskog - Gaularfjellet - Dragsvik - Hella - Sogndal - Kaupanger. Samstundes i 1986 vart den nye Riksveg 625 mellom Skei og Fjærland opna av tidlegare visepresidenten i USA, Walter F. Mondale.

Fjærland - Lærdal

[endre | endre wikiteksten]

Strekninga mellom Fjærland og Sogndal vart ferdig i 1994 som ny Riksveg 5, og med dette vart òg Riksveg 625 innlema som del av nye Rv5 mellom Førde og Sogndal. Riksveg 13 overtok gamle Rv5 mellom Dragsvik og Moskog, og den tidlegare delstrekninga av Rv13 mellom Dragsvik og Vadheim vart saman med tidlegare Riksveg 5 mellom Hella og Sogndal lagde til som ei forlenging av dåverande Riksveg 55 mellom Lom og Sogndal. I 2010 vart Rv13 mellom Dragsvik og Moskog skild ut som Fylkesveg 13, og i 2019 fekk vegen den nye nemninga fylkesveg 613. Samstundes vart Hella - Sogndal felles trasé for Rv13 og Fv55.[1]

I 1995 vart den nye vegen mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai opna, i tillegg til Fodnestunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Då hadde strekninga Fodnes ferjekai - Aspvikane allereie vore open sidan 1993 som del av forlenginga av Riksveg 53 frå Årdal, og denne vart nå del av Rv5. Vidare med opninga av Lærdalstunnelen i 2000 vart gamle Europaveg 16 mellom Lærdal ferjekai og Håbakken lagt til som ei ny forlenging av riksvegen.

Førde - Florø

[endre | endre wikiteksten]

Mellom Førde og Florø opna Naustdalstunnelen i 1995 mellom Jonstad og Svarthumla, og med dette vart gamle Riksveg 5 mellom Jonstad og Nyheim del av dagens Fylkesveg 5691. Vidare vart strekninga mellom Nyheim og Åmotsstølane del av dagens Fylkesveg 5694, og gamlevegen mellom Åmotsstølane over Ramsdalsheia til Svarthumla vart kommunal veg.

Ny veg på strekninga Svarthumle–Brandsøy vart opna 6. juli 2005 etter at det hadde pågått arbeid sidan 1999. Mellom Svarthumle og Brekka har vegen den gamle traséen, bortsett frå ny bru på Storebru. Vidare vestover frå Brekka til Eikefjord er gamlevegen omklassifisert til kommunal veg, og vidare til Kvalvik er gamlevegen del av Fylkesveg 611. Gamlevegen gjennom Hatleset er kommunal veg medan gamlevegen på sørsida av Brandsøy er dagens Fylkesveg 5704.

Fjærland - Førde

[endre | endre wikiteksten]

I 2006 opna ny Riksveg 5 mellom Vika utanfor Skei i Jølster1Skei og Kjøsnes, og gamlevegen står att som tilkomstveg i begge retningar frå Fylkesveg 5690. Grunna fara for ras langsmed Kjøsnesfjorden vart det bygd tunnelar i fleire omgangar. I 2009 opna Støylsnestunnelen (2,7 km) mellom Føreneset og Lunde, og gamlevegen vart stengd for trafikk. I 2022 opna ei forlenging av Støylsnestunnelen til Kjøsnes, og tunnelen fekk det nye namnet Kjøsnestunnelen. Gamlevegen er tilkomstveg for Vikane frå Kjøsnes.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Kinn kommune
Florø
Foto: Hiortefoto
Brandsøy til høgre. Vegen kryssar Brandsøysundet bak furua mot høgre biletkant.
Foto: Hiortefoto
Sunnfjord kommune
Rv5 går på bru over Nausta i Naustdal.
Førde med E39 til venstre og Rv 5 til høgre
Helgheim kyrkje ligg mellom vegen og Jølstravatnet.
Foto: Per Magne Kjøde
Bøyabreen
Foto: Jarkko Laine
Ved Sogndalsfjøra kryssar vegen fjorden på Loftesnesbrua
Mannheller ferjekai
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Commons har multimedium som gjeld: Riksveg 5