Resolute i Nunavut
Resolute ᖃᐅᓱᐃᑦᑐᖅ, Qausuittuq | |||
busetnad | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Territorium | Nunavut | ||
Region | Qikiqtaaluk | ||
Resolute i Nunavut 74°41′51″N 94°49′56″W / 74.6975°N 94.832222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Resolute, Nunavut |
Resolute[1] eller Resolute Bay[2] (inuktitut ᖃᐅᓱᐃᑦᑐᖅ, Qausuittuq, 'stad utan daggry'[3]) er ein busetnad i Nunavut i Canada. Han ligg på Cornwallisøya, inst i Resolutebukta. Resolute er ein av dei nordlegaste folkesette stadene i Canada, berre Grise Fiord ligg lenger nord. Han er også ein av dei kaldaste folkesette stadane i verda, med ein årleg gjennomsnittstemperatur på −15.7 °C.[4]
I nærleiken av Resolute ligg flyplassen Resolute Bay Airport.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Befolkningsutvikling | ||
---|---|---|
År | Bef. | ±% |
1976 | 223 | — |
1981 | 168 | −24,7 % |
1986 | 184 | +9,5 % |
1991 | 171 | −7,1 % |
1996 | 198 | +15,8 % |
2001 | 215 | +8,6 % |
2006 | 229 | +6,5 % |
2011 | 214 | −6,6 % |
2016 | 198 | −7,5 % |
2021 | 183 | −7,6 % |
Kjelde: Statistics Canada [5][6][7][8][9][10][11][12][13] |
Ved folketeljinga i 2021 utført av Statistics Canada hadde Resolute 183 innbyggjarar som budde i 66 av dei totalt 89 private bustadane som fanst der, ein nedgang på 7,6 % frå folketalet på 198 i 2016.[5]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er funne teikn på sporadisk busetnad av dorsetfolk (tunit) og seinare thulefolk frå så tidleg som 1500 f.Kr. til år 1000. Moderne inuittar verken budde på eller brukte staden før 1953, då eit kanadisk flytteprogram kjent som High Arctic relocation fann stad.[14] Styresmaktene ville flytta folk til området for å hevda kontrollen sin over det under den kalde krigen. Staden fekk namn etter polforskingssikipet HMS «Resolute».[14]
I 1947 bygde Canada og USA ein vêrstasjon, Resolute Weather Station, og ei lutfstripe som del av programmet Joint Arctic Weather Stations, i dag kalla High Arctic Weather Stations.[14][15] Ein flybase for Royal Canadian Air Force følgde i 1949, RCAF Station Resolute Bay.[14] Militærpersonnel og ulike spesialistar, som meteorologar, frå sør budde på staden. I dag utgjer basen eit av dei potensielle startpunkta for forsking i Arktis og reiser til Nordpolen.[14]
Den fyrste inuittgruppa kom til staden i 1953. Ho omfatta ein offiser frå Royal Canadian Mounted Police, Ross Gibson, som også blei den fyrste læraren på staden.[14] Den neste gruppa kom hit i 1955[14] frå Inukjuak i Quebec (då kjend som Port Harrison) og frå Pond Inlet i noverande Nunavut. Dei var blitt lova bustader og vilt til å jakta på, men då folk kom fram fann dei ingen bygningar og svært lite vilt dei hadde kjennskap til.[16] Dei måtte også tola fleire veker mørketid om vinteren og midnattssol om sommaren, noko som ikkje finst i Nord-Quebec.
Tilflyttarane var blitt fortalde at dei kunne venda tilbake etter eit år om dei ønskte det, men dette tilbodet blei trekt tilbake ettersom det kunne ha skadd kanadiske krav på området. Etterkvart klarte inuittane å læra seg migrasjonsrutene til den lokale kvitkvalen, og klarte å livnæra seg i området ved å jakta over eit område på 18 000 km² kvart år.[17]
Busetnaden blei fyrst bygd 5 km frå basen, men på 1970-talet byrja talet på forskarar som kom til Resolute å skapa problem. Mellom 1974 og 1975 blei innbyggjarane flytta til ein stad som var betre for kommunale tilbod, men dårleg plassert for jakt.[14]
I 1993 heldt styresmaktene i Canada høyringar om flytteprogrammet, og året etter gav Royal Commission on Aboriginal Peoples ut rapporten The High Arctic Relocation: A Report on the 1953–55 Relocation.[18] Styresmaktene betalte 10 millionar kanadiske dollar til folk som hadde levd gjennom tvangsflyttinga og familiane deira, og bad formelt om orsaking i 2008.[19]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Resolute har arktisk klima (ET) med lange, kalde vintrar og korte, kjølige somrar. Ein har aldri observert temperaturar over nullpunktet mellom 20. oktober og 6. mai.[20]
Vêrdata for Resolute (Resolute Bay Airport) WMO ID: 71924; koordinatar 74°43′01″N 94°58′10″W / 74.71694°N 94.96944°W; høgd 67,7 meter (222 ft); 1981–2010-normalar, extremes 1947–present | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | −0,8 | −3,9 | −2,7 | 0 | 6,1 | 18,3 | 20,1 | 15,3 | 9,4 | 2 | −2,8 | −3,6 | 20,1 |
Gjennomsnittleg maks °C | −28,6 | −29 | −26,8 | −18,3 | −7,4 | 2,6 | 7,3 | 4,2 | −2 | −10,5 | −19,5 | −24,5 | −12,7 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −32 | −32,4 | −30,2 | −21,8 | −10,3 | 0,4 | 4,5 | 2 | −4,1 | −13,4 | −22,7 | −27,9 | −15,7 |
Gjennomsnittleg min °C | −35,3 | −35,8 | −33,6 | −25,3 | −13,3 | −1,9 | 1,7 | −0,3 | −6,1 | −16,4 | −25,9 | −31,3 | −18,6 |
Lågast målte °C | −52,2 | −52 | −51,7 | −42,1 | −29,4 | −16,7 | −3,1 | −9,3 | −20,6 | −37,3 | −42,8 | −46,1 | −52,2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 4,2 | 3,9 | 7,4 | 6,7 | 8,7 | 14,6 | 28,1 | 33,8 | 22,6 | 16 | 9,6 | 5,7 | 161,2 |
Gjennomsnittleg regn mm | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,5 | 7,2 | 23,2 | 23,2 | 4,8 | 0,5 | 0 | 0 | 59,5 |
Gjennomsnittleg snø cm | 4,8 | 4,3 | 7,9 | 6,8 | 9,9 | 7,7 | 4,6 | 10,9 | 18,7 | 18,9 | 10,2 | 6,6 | 111,2 |
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.2 mm) | 5,8 | 6 | 7,8 | 6,6 | 8,6 | 7,7 | 11,4 | 13,6 | 12,8 | 13,1 | 9,2 | 6,7 | 109,2 |
Gns. dagar med regn (≥ 0.2 mm) | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,4 | 3,9 | 10 | 9 | 2,2 | 0,3 | 0 | 0 | 25,7 |
Gns. snødagar (≥ 0.2 cm) | 6,3 | 6,3 | 7,9 | 6,8 | 8,9 | 5,5 | 3,2 | 6,7 | 11,6 | 13,2 | 9,5 | 7,1 | 92,9 |
Gns. luftfukt (%) | 64,5 | 64,4 | 65 | 69,6 | 81,5 | 83,5 | 80,8 | 85,8 | 88,5 | 84,2 | 71,6 | 67 | 75,5 |
Gns. solskinstimar i månaden | 0 | 0 | 132,2 | 291,7 | 307,9 | 298,1 | 299,4 | 138,4 | 58,9 | 30,3 | 0,7 | 0 | 1 557,5 |
Pst. av mogleg solskin | 0 | 0 | 37,2 | 53,6 | 41,4 | 41,4 | 40,2 | 20,8 | 14 | 12,4 | 3,8 | 0 | 29,4 |
Kjelde: Environment and Climate Change Canada[4][21][22][23] |
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til jaktguiding og hotellnæring har Resolute arbeidsplassar som:[24]
- Resolute Bay School
- Hamlet of Resolute Council
- RCMP Resolute Detachment
- Resolute Bay Airport
- Tudjaat Co-op store
Kjende folk frå Resolute
[endre | endre wikiteksten]Joseph Idlout, bestefaren til songaren Lucie Idlout og far til Leah Idlout, den andre læraren i busetnaden, flytta til Resolute frå Pond Inlet i 1955.[14] Idlout var ein inuittisk jeger som blei filma i to National Film Board-dokumentarar, Land of the Long Day, filma i 1952 i Pond Inlet,[25] og Between Two Worlds i 1990.[26] Han var ei tid ein av dei best kjende inuittane i Canada, og var avbilda på baksida av to-dollarsetelen.[27] Celina Kalluk, ein kjend utøvar av inuittisk strupesong og barnebokforfattar, blei fødd her.[28]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mal:Cite cgndb
- ↑ Resolute at the Government of Nunavut
- ↑ The Nunavut Handbook ISBN 1-55036-587-8
- ↑ 4,0 4,1 «Resolute CARS». Canadian Climate Normals 1981–2010. Environment and Climate Change Canada. Climate ID: 2403500. Henta 13. januar 2016.
- ↑ 5,0 5,1 «Population and dwelling counts: Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), Nunavut». Statistics Canada. 19. februar 2022. Henta 19. februar 2022.
- ↑ «1981 Census of Canada: Census subdivisions in decreasing population order» (PDF). Statistics Canada. May 1992. Henta February 1, 2021.
- ↑ «1986 Census: Population - Census Divisions and Census Subdivisions» (PDF). Statistics Canada. September 1987. Henta February 1, 2022.
- ↑ «91 Census: Census Divisions and Census Subdivisions - Population and Dwelling Counts» (PDF). Statistics Canada. April 1992. Henta February 1, 2022.
- ↑ «96 Census: A National Overview - Population and Dwelling Counts» (PDF). Statistics Canada. April 1997. Henta February 1, 2022.
- ↑ «Population and Dwelling Counts, for Canada, Provinces and Territories, and Census Subdivisions (Municipalities), 2001 and 1996 Censuses - 100% Data (Nunavut)». Statistics Canada. August 15, 2012. Henta February 1, 2022.
- ↑ «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2006 and 2001 censuses - 100% data (Nunavut)». Statistics Canada. August 20, 2021. Henta February 1, 2022.
- ↑ «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2011 and 2006 censuses (Nunavut)». Statistics Canada. July 25, 2021. Henta February 1, 2022.
- ↑ «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2016 and 2011 censuses – 100% data (Nunavut)». Statistics Canada. February 8, 2017. Henta February 1, 2022.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 14,6 14,7 14,8 «Resolute Bay Community History». Arkivert frå originalen 15. juli 2011. Henta 5. januar 2010.
- ↑ High Arctic Weather Stations, arkivert frå originalen 25. september 2017, henta 29. oktober 2022
- ↑ Grise Fiord: History Arkivert December 28, 2008, ved Wayback Machine.
- ↑ McGrath, Melanie. The Long Exile: A Tale of Inuit Betrayal and Survival in the High Arctic. Alfred A. Knopf, 2006 (268 pages) Hardcover: ISBN 0-00-715796-7 Paperback: ISBN 0-00-715797-5
- ↑ The High Arctic Relocation: A Report on the 1953–55 Relocation by René Dussault and George Erasmus, produced by the Royal Commission on Aboriginal Peoples, published by Canadian Government Publishing, 1994 (190 pages)[1]
- ↑ Royte, Elizabeth (8. april 2007). «Trail of Tears». The New York Times.
- ↑ «Almanac Averages and Extremes for May 07 - Climate - Environment and Climate Change Canada». climate.weather.gc.ca (på engelsk). Environment and Climate Change. 31. oktober 2011.
- ↑ «Daily Data Report for July 2012». Canadian Climate Data. Environment and Climate Change Canada. Climate ID: 2403500. Henta 11. juli 2016.
- ↑ «Daily Data Report for June 2012». Canadian Climate Data. Environment and Climate Change Canada. Climate ID: 2403500. Henta 11. juli 2016.
- ↑ «Daily Data Report for October 2014». Canadian Climate Data. Environment and Climate Change Canada. Climate ID: 2403500. Henta 11. juli 2016.
- ↑ «Resolute Bay, Nunavut». Arkivert frå originalen 27. august 2011. Henta 21. august 2011.
- ↑ Land of the Long Day
- ↑ NFB Collection: Between Two Worlds, arkivert frå originalen 15. november 2007, henta 29. oktober 2022
- ↑ Contact with Europeans
- ↑ Celina Kalluk at Strong Nations
- Denne artikkelen bygger på «Resolute» frå Wikipedia på bokmål, den 20. oktober 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Resolute, Nunavut» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2022.